Onsdag kveld brann eit eldre bustadhus ned til grunnen på Vartdal. Brannmannskapet klarte nesten å få bukt med flammane, men så gjekk dei tomme for vatn. Dermed blussa flammane opp att, og huset brann ned til grunnen.

Næraste nabo, Geir Hole, var vitne til brannen.

- Vi var frykteleg redde. Flammane og gnistane stod 20 meter rett til vers. Eg takkar høgare makter for at det var vindstille. Vi har ei eldre, tom løde som står like ved. Hadde brannen spreidd seg til denne, ville også bustadhuset vårt og fjøsen med grisar og kyr vorte utsett. Det er rett og slett ein skandale at brannmannskapet ikkje hadde tilgang på vatn. Dette er ikkje noko vi kan leve med, vi som bur her, seier Hole.

- Heldige

Innsatsleiar på brannstaden onsdag var brannsjef Thomas Winther Leira. Han stadfestar det nabo Geir Hole seier.

- Vi takkar også høgare makter for at det var vindstille. Eg forstår utruleg godt frustrasjonen og frykta dei sit med etter denne opplevinga.

Leira seier at dei ikkje var klar over at tilgangen på vatn var så dårleg som han var.

- Eg snakka med andre brannmenn, også frå Vartdal, som fortalde at der var ein kum lenger nede i gata. Denne såg vi også på karta vi er utstyrt med. Det vi ikkje visste var at kummen ikkje hadde nok trykk til at vi kunne bruke han. Vi fekk litt vatn, men så for trykket. Lenge lurte vi på om det var vårt utstyr det var noko gale med, eller om det var kummen, fortel Leira.

Med 400 meter slange lagt ut, var det vanskeleg å sjå korleis dei skulle kunne hente vatn frå andre stader.

Resultatet var at dei vart ståande lenge utan vatn, etter at tankbilane var tømde, og sjå på at huset brann ned.

- Vi utstyrte mannskapet vårt med brannsløkkingsapparat og graspiske for å hindre spreiing. Vi gjorde det vi kunne, men at vi var heldige, det er heilt klart. Litt andre verforhold kunne ha endra situasjonen dramatisk.

Også brannmannskap frå Volda vart kalla ut med tankbil, for å få meir vatn til staden. Bilane gjekk i skytteltrafikk mellom brannstaden på Remen og Vartdal sentrum for å fylle bilane.

Vil sjå på saka

- Dette var ein vekkar. Heilt klart. No skal vi sjekke ut korleis vi skal betre dette. Vi veit at på andre sida av Vartdal, der vi har kommunalt vassverk, skal ting fungere. Vi må ha oss ein prat med det private vassverket, og sjå om der er noko vi kan gjere.

Leira understrekar at brannen uansett var for langt komen, til at det ville ha vore aktuelt å sende inn brannmannskap, dersom det skulle vise seg å vere folk inne i huset.

- Det brann valdsamt allereie då vi kom fram. Dette var eit tømmerhus, og det tok ikkje lang tid før det var utbrent.

- Vi lovar å ordne opp i dette. Vi skal finne ei tenleg løysing. Skulle det skje brannar i dette området i nær framtid, vil vi automatisk kalle ut tankbil også frå Volda, for å sørge for å ha nok vatn på staden, forsikrar Leira.