Nøgd: Ottar Grepstad er godt nøgd med nynorsktiltaka i statsbudsjettet.
(Foto: Jørund Hessevik)

Nøgd: Ottar Grepstad er godt nøgd med nynorsktiltaka i statsbudsjettet. Foto: Jørund Hessevik

Val 2017

Nynorsk er valvinnar

Ottar Grepstad er nøgd med valet - når det gjeld nynorsken.

- Valresultatet kan styrkje nynorsken, meiner direktør Ottar Grepstad i Nynorsk Kultursentrum.

Han meiner framgangen for dei fleste opposisjonspartia, og Venstre og KrF over sperregrensa, gir grunn til optimsime.

- Dei partia som har programfesta den beste nynorskpolitikken for åra 2018–2021, står samla sterkare no. Nynorsk kultursentrum ønskjer eit godt samarbeid med alle partia i Stortinget, og det arbeidet tek til med statsbudsjettet for 2018, seier Ottar Grepstad i ei pressemelding.

Nynorsk kultursentrum har identifisert 21 nynorskbrukarar i det nye Stortinget, like mange som blei refererte på nynorsk 2013–2017. Dei er valde inn frå åtte fylke frå Troms i nord til Telemark og Rogaland i sør.

Skryt

I alle stortingsgrupper med meir enn ein representant blir minst ein referert på nynorsk.

– Nynorskbrukarane landet rundt treng tydelege representantar som Terje Breivik (V), Tore Storehaug (KrF), Liv Signe Navarsete (Sp), Torgeir Knag Fylkesnes (SV), Hadia Tajik (Ap), Helge André Njåstad (Frp) og Solveig Abrahamsen (H), seier Grepstad.

– Det er viktig at både statsrådar og mange stortingsrepresentantar bruker nynorsk. Norsk språkpolitikk treng også nøkkelpersonar i ulike parti som brenn for tiltak som kan fremje språkleg jamstilling, meiner Grepstad.

– Vi vonar dei vil samarbeide på tvers av partigrenser på ein slik måte at det blir fleirtal for tiltak som gjer det lettare å vere nynorskbrukar.


Regjeringa har svikta

Direktøren er kritisk til den språkpolitikken regjeringa Solberg har ført 2013–2017. – Den elles så reformvillige regjeringa prioriterte aldri kulturpolitikk og fremja ikkje sjølv ei einaste sak som kunne gi nynorskbrukarane betre vilkår, seier Ottar Grepstad. – Dei positive vedtaka som kom, dreiv Venstre og Kristeleg Folkeparti fram med støtte frå nøkkelpersonar i Høgre. For 2018–2021 har Høgre heldigvis moderert sin eigen språkpolitikk.

Meldinga til det nye Stortinget frå Nynorsk kultursentrum er klar: – Stortinget bør ikkje sitje stille i fire år til og la regjeringa sjå bort frå det lovfesta kravet om ei stortingsmelding kvart fjerde år om bruken av nynorsk i offentleg forvaltning. Valresultatet inviterer Stortinget til å ta tilbake styringa over norsk språkpolitikk, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.


Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

- Dei fleste ser heilt friske ut, og det er vanskeleg for andre å sjå og forstå at dei er sjuke

Oddhill var ei energibombe. Så sa det stopp

Det var ingenting som kunne stoppe Oddhill Sætre (51). Ho var ei energibombe. Alltid på farta. Så sa det stopp. Bom stopp.

Dalegubben opp

Under timen på Dalegubben

Andreas Skylstad frå Øye var førstemann på Dalegubben opp søndag.

Søkjer byggjeløyve for tømmerkaia

Tømmerdal Consult har no søkt byggjeløyve for den nye tømmerkaia ved Ørstaterminalen.

Tilseth Blomster er 15 år

- Målet er å ha landets beste blomsterbutikk

Tilseth Blomster på Amfi i Ørsta feirar i desse dagar 15 år.

Sommaren er ikkje over

Ørsta får tjue varmegrader i morgon

Det vert dagar med kjempevêr i Ørsta neste veke

Tok til tårene i kjensleladd innlegg

Marit Aklestad (SV) heldt eit kjensleladd innlegg då ho fekk kommunestyret med seg på å halde barnetrygda utanfor når sosialhjelp skal bereknast i Ørsta kommune.

– Inge Kolås var ugild i saka om bustadfelt på Legene

– Leiar i samfunnsutvalet og kommunestyremedlem Inge Kolås har vore ugild med å førebu og å treffe avgjerder som gjeld bustadfeltet Legene på Åmås i tidsrommet mars 2013 til desember 2016.

Mattilsynet:

- Har vorte strengare mot dyreeigarane

Mattilsynet har i år politimeldt fleire dyreeigarar enn tidlegare. Talet på bekymringsmeldingar aukar også, viser ein rapport frå tilsynet.

Vidundermedisin mot hudsjukdom?

Frisk av silderogn

Håvard Vartdal vart frisk av silderogn-produkt frå Ørsta-bedrift

Sjå stort bildegalleri

1000 opplevde fartsshow på Mosflata

Med kring tusen tilskodarar var det reine folkevandringa til dragrace-showet på Mosflata laurdag.