Marius jaktar på Beatrice

Klar for Jakten på kjærligheten på TV2.

Marius Duestøl og Beatrice Fjell.  Foto: Espen Solli

Jaktenbonde Beatrice Fjell med sine 10 friarar. Frå venstre, Marius, Simen, Stian, Kristoffer, Martin, Beatrice, Tor Jonas, Fredrik, Tor Inge, Nikolaj og Geir Ola  Foto: Espen Solli

Nyheiter

Førstkomande måndag, 18. september, er det klart for ein ny sesong av det populære TV-programmet Jakten på kjærligheten på TV2, der seks norske bønder får friarar til gards. Ei av dei som deltek er Beatrice Fjell frå Lommedalen i Bærum. Ho får friaren Marius Duestøl på besøk. Marius er 25 år, kjem frå Vanylven, men studerer og jobbar for tida som barnehageassistent i Volda, og reparerer symaskiner på si.

Han er odelsgut, og håper at han får med seg Beatrice heim til garden i Vanylven.

Beatrice er 24 år og driv med hestar på garden i Lommedalen. Elles jobbar ho som lærarvikar på ein barneskule. Til TV 2 fortel ho at ho alltid har drøymt om å bu på gard, og allereie som 19-åring flytta ho til småbruket som ho i dag leiger.

- Eg ser etter ein mann med humor og som er utadvent. Han må by på seg sjølv og ha glimt i auget. Det er også fint om han ikkje er livredd hestar, seier Fjell til TV2.

Så står det att å sjå om Marius Duestøl er den rette.