Førstkomande måndag, 18. september, er det klart for ein ny sesong av det populære TV-programmet Jakten på kjærligheten på TV2, der seks norske bønder får friarar til gards. Ei av dei som deltek er Beatrice Fjell frå Lommedalen i Bærum. Ho får friaren Marius Duestøl på besøk. Marius er 25 år, kjem frå Vanylven, men studerer og jobbar for tida som barnehageassistent i Volda, og reparerer symaskiner på si.

Han er odelsgut, og håper at han får med seg Beatrice heim til garden i Vanylven.

Beatrice er 24 år og driv med hestar på garden i Lommedalen. Elles jobbar ho som lærarvikar på ein barneskule. Til TV 2 fortel ho at ho alltid har drøymt om å bu på gard, og allereie som 19-åring flytta ho til småbruket som ho i dag leiger.

- Eg ser etter ein mann med humor og som er utadvent. Han må by på seg sjølv og ha glimt i auget. Det er også fint om han ikkje er livredd hestar, seier Fjell til TV2.

Så står det att å sjå om Marius Duestøl er den rette.

Jaktenbonde Beatrice Fjell med sine 10 friarar. Frå venstre, Marius, Simen, Stian, Kristoffer, Martin, Beatrice, Tor Jonas, Fredrik, Tor Inge, Nikolaj og Geir Ola Foto: Espen Solli