Politiet melder om at det brenn i eit bustadhus på Vartdal, onsdag kveld.

Huseigar er på staden og opplyser til politiet at der ikkje er folk inne i huset.

Brannvernet driv no med sløkking. Det er ein del røyk på staden. Ingen var inne i bustaden då brannen starta, melder politiet.

Brannvernet skal ha store utfordringar med å hente vatn til sløkkinga, får Møre-Nytt opplyst frå vår journalist på brannstaden.

Det skal vere ein hydrant med lite trykk på, og at dette fører til problem med forsyning av vatn.

Brannen vart meld inn klokka 21.45.

Brannen er i området Remen. Det skal ikkje vere fare for spreiing til andre hus.

Det bur til vanleg ikkje nokon i huset som brenn. Men eit par skal ha planlagt å overnatte i huset i natt. Dei skal ha vore ute på tur då brannen starta.

Brannen vart oppdaga av tilfeldige forbipasserande.

Brannårsaka er førebels ukjend.

Møre-Nytt får klokka 22.47 opplyst at brannvernet let huset brenne ned. Dei har kontroll over brannen.

Brannen er i området Remane. Det skal ikkje vere fare for spreiing til andre hus. Foto: Janne-Marit Myklebust