Voldaordførar: Jørgen Amdam skal leie arbeidsgruppa som skal sjå på samarbeid mellom kommunane og sjukehuset om legevakt.
(Foto: Marius Myklebust)

Voldaordførar: Jørgen Amdam skal leie arbeidsgruppa som skal sjå på samarbeid mellom kommunane og sjukehuset om legevakt. Foto: Marius Myklebust

Usemje i arbeidsgruppa

Har ikkje konkludert om felles legevakt

Kommunane på Søre Sunnmøre skal utgreie samarbeid med sjukehuset om legevakt, men er usamde om utgangspunktet.

Ordføraren i Volda, Jørgen Amdam, skal leie ei interkommunal arbeidsgruppe som skal drøfte eit samarbeid med Volda sjukehus. Eit aktuelt alternativ er Orkdal-modellen, som går ut på at den kommunale legevakta for 12 kommunar er integrert i sjukehuset på Orkdal. Det vert organisert slik at kommunane kjøper tenester frå sjukehuset.

Gruppa vart sett ned på eit fellesmøte mellom seks kommunar på Søre Sunnmøre. Møre-Nytt har tidlegare skrive om den såkalla «hestehandelen», der Volda-ordføraren meinte han hadde fått gjennomslag at ei ein felles legevaktsentral skal knytast til sjukehuset.


Mørenett-striden

Volda på hestehandel på ytre – bryt med Ørsta

Volda bryt alliansen med Ørsta og godtek flytting av Mørenett. Ordførar Jørgen Amdam har gjort hestehandel med ordførarane på ytre søre Sunnmøre.



Kaldfront Ørsta-Volda

– Elendig hestehandel

Det er anstrengt forhold mellom ordførarane i Ørsta og Volda etter at Tussa-alliansen er broten. – Volda har gjort ein elendig hestehandel, meiner ordførar Stein Aam i Ørsta.

 

I ein korrespondanse med dei andre i arbeidsgruppa skriv Amdam : «Eg viser til drøftingane vi ordførarane hadde om legevaktordninga då vi møttest på Sande rådhus fredag og at vi var samde om denne hovudstrategien: 1.Drøftingar med Helse Møre om samarbeid med Volda sjukehus – kva alternativ som er moglege mht samlokalisering eller nærlokalisering og konsekvensar. 2.Tilpassing av evt. samarbeid med Helse Møre til utfordringane på Søre Sunnmøre.»


Mørenett-saka

«Hestehandelen» kokar ned

Volda sin «hestehandel» var inga konkret avtale, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam.

 

Men Amdam si oppfatning av semja vert ikkje delt av ordføraren i Ulstein, Knut Engh, som og sit i gruppa. I eit svar til Amdam skriv Engh : «Eg må korrigere deg litt i forhold til det eg oppfatta var «konklusjonen» i møtet (jf. Medieomtale). Eg har ikkje oppfatta at vi har landa på ein modell med samlokalisering av legevakta i/ved sjukehuset i Volda, men at vi synest einige om at det truleg er det alternativet som vil gi best effektivitet og best systemoppfølging. Det var imidlertid ein diskusjon om dette ville vere det mest tenlege for pasientane i ytre strok. Vi drøfta fleire modellar, men vi var samstemte i at helseføretaket bør ha ei eigeninteresse i å samarbeide om køyrelege og eventuelt legevakt sidan dette vil kunne redusere behovet for ambulansetransport. Dette føreset at helseføretaket er villig til å drøfte kostnadsdeling med kommunane.»

I arbeidsgruppa sit: Ordførar Volda, Jørgen Amdam, ordførar i Herøy, Camilla Storøy, ordførar i Ulstein,Knut Erik Engh, rådmann i Ørsta, Wenche Solheim, og to representantar frå helse‐ og omsorg, som ikkje er oppnemnde.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

- Dei fleste ser heilt friske ut, og det er vanskeleg for andre å sjå og forstå at dei er sjuke

Oddhill var ei energibombe. Så sa det stopp

Det var ingenting som kunne stoppe Oddhill Sætre (51). Ho var ei energibombe. Alltid på farta. Så sa det stopp. Bom stopp.

Dalegubben opp

Under timen på Dalegubben

Andreas Skylstad frå Øye var førstemann på Dalegubben opp søndag.

Søkjer byggjeløyve for tømmerkaia

Tømmerdal Consult har no søkt byggjeløyve for den nye tømmerkaia ved Ørstaterminalen.

Tilseth Blomster er 15 år

- Målet er å ha landets beste blomsterbutikk

Tilseth Blomster på Amfi i Ørsta feirar i desse dagar 15 år.

Sommaren er ikkje over

Ørsta får tjue varmegrader i morgon

Det vert dagar med kjempevêr i Ørsta neste veke

Tok til tårene i kjensleladd innlegg

Marit Aklestad (SV) heldt eit kjensleladd innlegg då ho fekk kommunestyret med seg på å halde barnetrygda utanfor når sosialhjelp skal bereknast i Ørsta kommune.

– Inge Kolås var ugild i saka om bustadfelt på Legene

– Leiar i samfunnsutvalet og kommunestyremedlem Inge Kolås har vore ugild med å førebu og å treffe avgjerder som gjeld bustadfeltet Legene på Åmås i tidsrommet mars 2013 til desember 2016.

Mattilsynet:

- Har vorte strengare mot dyreeigarane

Mattilsynet har i år politimeldt fleire dyreeigarar enn tidlegare. Talet på bekymringsmeldingar aukar også, viser ein rapport frå tilsynet.

Vidundermedisin mot hudsjukdom?

Frisk av silderogn

Håvard Vartdal vart frisk av silderogn-produkt frå Ørsta-bedrift

Sjå stort bildegalleri

1000 opplevde fartsshow på Mosflata

Med kring tusen tilskodarar var det reine folkevandringa til dragrace-showet på Mosflata laurdag.