Ordføraren i Volda, Jørgen Amdam, skal leie ei interkommunal arbeidsgruppe som skal drøfte eit samarbeid med Volda sjukehus. Eit aktuelt alternativ er Orkdal-modellen, som går ut på at den kommunale legevakta for 12 kommunar er integrert i sjukehuset på Orkdal. Det vert organisert slik at kommunane kjøper tenester frå sjukehuset.

Gruppa vart sett ned på eit fellesmøte mellom seks kommunar på Søre Sunnmøre. Møre-Nytt har tidlegare skrive om den såkalla «hestehandelen», der Volda-ordføraren meinte han hadde fått gjennomslag at ei ein felles legevaktsentral skal knytast til sjukehuset.

I ein korrespondanse med dei andre i arbeidsgruppa skriv Amdam : «Eg viser til drøftingane vi ordførarane hadde om legevaktordninga då vi møttest på Sande rådhus fredag og at vi var samde om denne hovudstrategien: 1.Drøftingar med Helse Møre om samarbeid med Volda sjukehus – kva alternativ som er moglege mht samlokalisering eller nærlokalisering og konsekvensar. 2.Tilpassing av evt. samarbeid med Helse Møre til utfordringane på Søre Sunnmøre.»

Men Amdam si oppfatning av semja vert ikkje delt av ordføraren i Ulstein, Knut Engh, som og sit i gruppa. I eit svar til Amdam skriv Engh : «Eg må korrigere deg litt i forhold til det eg oppfatta var «konklusjonen» i møtet (jf. Medieomtale). Eg har ikkje oppfatta at vi har landa på ein modell med samlokalisering av legevakta i/ved sjukehuset i Volda, men at vi synest einige om at det truleg er det alternativet som vil gi best effektivitet og best systemoppfølging. Det var imidlertid ein diskusjon om dette ville vere det mest tenlege for pasientane i ytre strok. Vi drøfta fleire modellar, men vi var samstemte i at helseføretaket bør ha ei eigeninteresse i å samarbeide om køyrelege og eventuelt legevakt sidan dette vil kunne redusere behovet for ambulansetransport. Dette føreset at helseføretaket er villig til å drøfte kostnadsdeling med kommunane.»

I arbeidsgruppa sit: Ordførar Volda, Jørgen Amdam, ordførar i Herøy, Camilla Storøy, ordførar i Ulstein,Knut Erik Engh, rådmann i Ørsta, Wenche Solheim, og to representantar frå helse‐ og omsorg, som ikkje er oppnemnde.