Drukningsulykke på Hareid

Mann erklært død etter å ha vorte henta opp frå vatnet.

Ein mann døydde etter ei drukningsulukke på Hareid onsdag ettermiddag.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Nyheiter

Ein mann i 60-åra døydde i ei drukningsulukke på Hareid onsdag ettermiddag. 

Naudetatane rykte ut til hamneområdet i sentrum i 15-30-tida etter melding om ein mann i sjøen.

Mannen vart henta opp av sjøen, men vart etter ei tid erklært død av helsepersonell på staden.

I følgje politiet er det uklart kva som gjorde at mannen hamna i sjøen, men video frå overvakingskamera på staden blir no sjekka.