Det er politisk kommentator Geir Strand i Sunnmørsposten som i ein kommentar i Sunnmørsposten onsdag spekulerer i om Dale er aktuell.

Han peikar på at vervet er svært viktig for Framstegspartiet, og at det er viktig med ein person som kan snakke godt med Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Strand slår fast at det ikkje er flust med slike kandidatar i Frp si stortingsgruppe. Men han er overtydd om at Dale er ein av dei – sjølv om mat- og landbruksministeren manglar parlamentarisk erfaring.

– Han har rett nok aldri vore på Stortinget som representant, men som rådgjevar i stortingsgruppa gjennom ei årrekkje kjenner han arbeidsforma i Stortinget godt, poengterer Strand.

Uansett, det som gjer Dale best kvalifisert, er samarbeidsevnene hans, meiner Strand.

– Det viktigaste er at han er ein mann KrF og Venstre likar å halde seg til. Vi trur Dale er ein kandidat til denne jobben, skriv Strand i kommentaren i Sunnmørsposten.