– Viss det er det som må til for å sikre ei stabil borgarleg regjering i fire nye år, bør Høgre og Frp opne for regjeringssamarbeid med KrF og Venstre.

Det seier leiar i Ørsta Framstegsparti, Hans-Olav Myklebust.

Han gler seg stort over valresultatet i Ørsta – og heile Sunnmøre.

- Gode kandidatar

– Vi har gjort eit svært godt val. Hovudårsakene er at vi hadde to gode lokale kandidatar som også er solide statsrådar. Jon Georg Dale har nok plukka ekstra røyster i Ørsta og Volda og på Søre Sunnmøre, og Sylvi Listhaug er også ein god kandidat, sjølvsagt, seier Myklebust.

Dessutan trur han at veljarane har sett pris på innsatsen til Framstegspartiet i regjeringa.

– Regjeringa har greidd å få fram sakene vi har levert på, seier Myklebust.

Han vedgår at det parlamentariske grunnlaget for Høgre/Frp-regjeringa ikkje er like sterkt som før valet.

Sigrar

– Eg er overtydd om at Venstre og KrF sin tilbakegang kjem av at dei ikkje har vore flinke nok til å framheve signe eigne sigrar. For desse partia har gjennom samarbeidsavtalen greidd å påverke regjeringa sin politikk. Og eg meiner i alle fall at Høgre og Frp skal vere innstilte på å ta med KrF og Venstre i regjeringsdrøftingar. Det vil sikre ei fleirtalsregjering som kan sitje trygt i fire år, seier Myklebust.

Han takkar veljarane for røystene, og han takkar alle lokalt som har stått på for Frp i valkampen.