Det seier leiar Jens Arve Forbord i Saksa Turstiforeining.

– Vi fekk telefon frå Ørsta kommune fredag med beskjed om at søknaden no er godkjent frå kommunen si side. Det var veldig positivt og vi må skryte litt av Ørsta kommune for ein rask og effektiv prosess, seier Forbord.

Gapahuken skal byggjast i stein, ha torvtak, og skal stå nær varden på Klokksegga. Gapahuken skal plasserast slik at han fell fint inn i terrenget og vert lite synleg. Storleiken på gapahuken er 2,5x4 meter, og høgda er 2,2 meter på det høgste. Klokksegga er ein del av råsa «Urkeegga», som vart opna 3. september i fjor.