Kulturhussjef Janne M.G. Skarstein viser stolt fram resultatet av fire og ein halv månaders iherdig innsats i teatersalen på Ørsta kulturhus. Gamle lilla stolar er erstatta med moderne, mørkeraude. Fredag er det nyopning, og kinohelg i Ørsta. Då kan dei besøkande også glede seg over eit lydanlegg av topp kvalitet. Ørsta kino er dei første i Noreg til å teste ut eit nytt merke som gir såkalla atmos-lyd.

– Atmos står for atmosfære. Vi er den 27. kinoen i Noreg som får slik lyd, men vi er dei første til å teste ut dette merket – Christie Vive Audio. Vi fekk eit tilbod vi ikkje kunne seie nei til. Eigentleg hadde vi ikkje råd til dette, men tilbodet var så bra, og vi har heldigvis gode og velvillige politikarar i kommunen som såg verdien av dette, og som auka rammene våre, slik at vi kunne kjøpe lydanlegget. Vi ville aldri fått eit liknande tilbod igjen, så vi er utruleg glade.

Høgtalarar er montert i taket. Det gjer at når det til dømes regnar på filmen på kinolerretet, vil publikum føle at dei sjølve står ute i regnet.

– Utan å verte våte sjølvsagt, humrar Skarstein.

Ho fortel at dei har hatt god hjelp frå rådgjevar kinodesign i Film & Kino, Rolv Gjestland.

– Han seier at han i løpet av si 30-årige karriere ikkje har sett makan til tilbod. Så det er berre å gle seg. Ikkje alle filmar har atmos-lyd, men vi vil nytte lyden på alle filmar som har det, understrekar Skarstein.

Færre stolar

Alle som har nytta seg av teatersalen på kulturhuset dei siste par åra, veit ein ting eller to om korleis tilstanden var. Nokre av stolane var så slitne at folk kunne risikere at setet losna. Det var på høg tid at noko vart gjort.

– Fora Form vann tilbodet om å levere stolar, og det er vi ekstra glade for. Det skulle berre mangle at Ørsta si nye storstove har stolar frå vår flotte møbelfabrikk. Stolane er kjempegode å sitje i. Det er verkeleg eit stort løft.

316 sitjeplassar har vorte redusert til 302. Det har med nye forskrifter å gjere. Trappene skal vere breie nok og naudutgangane meir tilgjengelege.

– Det er ikkje ein romsleg sal vi har, men vi har gjort det beste ut av det vi har. Golvet er støypt, og det har vi ikkje hatt pengar til å gjere noko med, anna enn å legge nytt golvbelegg, så avstanden mellom stolane er som før. Men dette er å gå frå botn til topp når det gjeld komfort. Vi valde også mørkeraude stolar for å skape ein atmosfære som høver seg til både kino, teater, konsertar og foredrag. Eg kallar dette ein fleirbrukssal, for det er det verkeleg. Vi har vore svært opptekne av å vareta og oppretthalde alle funksjonane salen har hatt til no, og samstundes løfte han til dagens standard. Det har vore ein krevjande prosess, men no byrjar det å kjennest veldig, veldig bra.

Unge vaksne

Prislappen for renoveringa er på om lag 7,5 millionar kroner. Pengane har dei strekt så langt som mogleg. Nye stolar, nytt golvbelegg, ny himling, nye lys, ny kinolyd, med nye høgtalarar og forsterkarar.

– Lyd er utruleg viktig. Vi trur og håper at dette kan lokke fleire unge vaksne på kino i heimbygda. Det er særleg dei som er opptekne av lyd, erfarer vi. Men eg trur dette kan verte ei ny og god oppleving for alle. Og dess fleire som bruker tilboda vi har her, dess betre tilbod kan vi gi. Men her må målet vere at alle i Ørsta kjem innom for å sjå, prøve og oppleve vår nye teatersal. Vi har eit såpass variert tilbod, at eg trur alle vil finne noko dei kan tenke seg å få med seg.

Draumen hadde vore å få løfte enno meir av kulturhuset opp til dagens standard. Det står framleis ein del att.

– Toaletta, kiosken og foajeen står høgt oppe på prioriteringslista, men i denne omgang har vi gjort frå oss det som var planen og det vi hadde råd til. Så kryssar vi fingrane for at det ikkje går alt for lang tid før vi kan gjere meir. Men no skal vi først glede oss over at vi har kome så langt som vi har.

Til helga vert det kinohelg, men fleire framsyningar heile helga. 1. oktober vert det opningsfest for den nyrenoverte storstova, med ordførar, hornmusikk og variert program – med Kirsten Ose som programleiar.

– Vi er utruleg stolte over den nye salen vår. Dette er eit kjempeløft for storstova vår!

Det er Ivar Åmbakk AS som har hatt hovudentreprisen på renoveringa – med fleire underleverandørar. Frank Flusund i Ørsta kommune har vore prosjektleiar.

Lokale stolar: Det er Fora Form som har levert dei nye stolane til kulturhuset. – Det er eit ekstra pluss at det er Ørsta-stolar i Ørsta si storstove, seier kulturhussjefen. Foto: Janne-Marit Myklebust