Vikemarka skule vil byggje ein klatrejungel. Og no søkjer skulen fritak for byggeforbod knytt til rassikring av uteområdet.

Klatrejungelen er planlagt plassert nordvest på skuleområdet nær gangvegen ved Vikeelva.

– Ein slik installasjon vil vere eit kjærkome aktivitetsfremjande tiltak, seier rektor Odd Einar Fimreite i eit brev til kommunen.