Ørsta Volda lufthamn – Hovden hadde i august 2017 ei betring i passasjertalet på 18,5 prosent i forhold til august  2016.

–Det er sjette måneden på rad med vekst i passasjertala, opplyser lufthamnsjef Sverre Bae.

Så langt i år har 70 549 passasjerar reist over lufthamna, mot 66 570 passasjerar for same tidsrom i 2016. Det er ein auke på seks prosent.

–Dette er vi meget godt nøgde med, seier Sverre Bae.