Dei siste dagane har det vorte observert luksusbilar i hopetal på Sæbø. Ein av dei skal vere verdas dyraste Rolls-Royce.

Det skal vere ein privat samlar som er på rundreise med bilane. Dei har vorte frakta fleire stader på Nord-Vestlandet siste dagane i store trailerar.

Måndag vart det observert at fleire av dei vart filma i fart gjennom Bondalen, m.a.

Mange har stoppa opp og fotografert bilane, der dei har stått parkerte, anten ved Hotell Sagafjord, eller ved kaia på Sæbø.

Samstundes har ein stor luksusyacht vore ankra opp på Sæbøvika, og eigaren av bilparken skal ha vore om bord i den Hongkong-registrerte båten.