Valet er i full gang. Ein av dei som er spesielt spent på utfallet er landbruksminister Jon Georg Dale.

Dalsfjordingen kom til stemmelokalet på Folkestad litt etter klokka 12.00 måndag. Dale står som nummer to på lista til Møre og Romsdal Framstegsparti, ein plass som ikkje kan reknast som sikker ut frå meiningsmålingane, sjølv om Frp har hatt to mandat i Møre og Romsdal.