Historisk: For fyrste gong har Ørsta og Volda kvar sin representant på Stortinget, Jon Georg Dale (t.v.) og Fredric Holen Bjørdal.
            (Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten.)

Historisk: For fyrste gong har Ørsta og Volda kvar sin representant på Stortinget, Jon Georg Dale (t.v.) og Fredric Holen Bjørdal.Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten.

Dale og Holen Bjørdal på Stortinget

Ein historisk kveld for Ørsta og Volda.

Både Jon Georg Dale og Fredric Holen Bjørdal er klare for ein periode på Stortinget. Det synest heilt klart etter at 87,1 prosent av røystene er talde opp i Møre og Romsdal. Resultata så langt tyder på at Høgre får tre mandat, Frp to og Ap to mandat, i tillegg til Senterpartiet som får eitt av dei faste mandata. KrF ligg kl. 23.08 måndag kveld an til å få utjamningsmandatet.

Møre-Nytt snakka måndag kveld med ein svært glad Jon Georg Dale. Mat- og landbruksministeren var opprømt over valresultatet i Møre og Romsdal.

- Formidabel valkamp

– Det at vi har gått fram, vitnar om ein formidabel valkamp, der heile partiapparatet har stått på for meg og Sylvi (Listhaug), seier Dale.

Han gler seg over at Frp nær held stillinga på landsbasis.

– Så vidt eg kan skjøne, er vi det nummer to-partiet i ei samarbeidsregjering som best har halde stillinga nokon gong. Viss nokon på våren 2013 hadde sagt at Frp ville gå inn i regjering den same hausten, og fire år etterpå kome ut med omtrent same resultatet, mest utan slitasje, hadde ingen trudd på det, seier Dale.

Vil ikkje konkludere

Han understrekar likevel at han ikkje vil konkludere endeleg før alle røyster er opptalde.

– Her kan det skje endringar utover natta viss Venstre kjem under sperregrensa, men det ser bra ut, seier Dale.

Og på spørsmål frå Møre-Nytt om kva framtid han no ser føre seg som regjeringsmedlem, er svaret klart.

– Det er opp til Erna Solberg og Siv Jensen å leggje regjeringskabalen.

Håpa på betre resultat

Fredric Holen Bjørdal (Ap) er attvald til Stortinget, og fortel til Møre-Nytt at han nok er noko vonbroten over valresultatet. – Eg hadde både håpa og trudd at vi skulle få fleire røyster i Møre og Romsdal. Samstundes må vi glede oss over framgangen til Sp og SV både i fylket og på landsbasis, og opposisjonen har nærma seg, seier Holen Bjørdal.

Han forklarar Frp sitt sterke resultat i Møre og Romsdal med at partiet har hatt ei sterk liste. – Frp valde å køyre med to statsrådar på topp, og eg trur dei fekk effekt av det, seier Holen Bjørdal.

Til liks med Dale poengterer han at valresultatet ikkje er avgjort.

Uklar situasjon

– Det kan skje endringar utover natta. Og det som uansett er klart, er at samarbeidssituasjonen på borgarleg side har endra seg. KrF seier jo at dei ikkje vil inn i ein samarbeidsavtale med regjeringspartia, og vi står overfor ein veldig uklar parlamentarisk situasjon, uansett kva endeleg resultat som vil kome, seier Holen Bjørdal.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Jubel i Frp-leiren. F.v.: Sylvi Listhaug, Jon Georg Dale og Frank Sve.
            (Foto: Ståle Wattø, Sunnmørsposten)

Jubel i Frp-leiren. F.v.: Sylvi Listhaug, Jon Georg Dale og Frank Sve.Foto: Ståle Wattø, Sunnmørsposten

Dette vert lest no:

Vann trafikktryggingspris

- Gigantprosjekta er galskap

Synnøve Rekkedal Hill vil heller bruke pengar på trafikktrygging.

Skisesongen i gang

Vintereventyr i november

Kjempeforhold på Bondalseidet - mellom bygene

Feil i annonse

Cantando på Samhald

Koret Cantando innbyr til korkveld tysdag.

Arbeider for å får fleire i arbeid

– Vi gir folk ein sjanse

– Vi har gode erfaringar med å gje folk ein sjanse. Det gler oss veldig at vi no har to personar i ferd med å ta fagbrev, etter at dei byrja i eit arbeidstrening-program.

Kva får deg til å le?

Fersk Frp-leiar svarer på 10 spørsmål.

Flø utan filter

Lille Marius

"Det ultimate forfallet vert nådd når elevane berre skal lære om nålevande forfattarar", skriv Sigbjørn Flø i si laurdagsspalte.

Skadd i slåstkamp

Fleire var innblanda i slåstkamp i Volda i natt

Nasjonal ros for barnehageplan

– Vi er ekstremt stolte!

Kan ein lokal rammeplan for barnehagane i Ørsta hauste åtgaum frå heile landet? Ja, definitivt.

– Det gir meining å vere der for menneske i sorg

Dei tilsette i Hovden Gravferdsbyrå er hjelparar i sorga.

– Hårreisande dyrt med SFO

–Dyrare enn barhehage, og utan pedagogisk innhald, meiner SV-politikar.