– Toalettilhøva må betrast

Harald Olsvik i Ørsta og Volda Handikaplag meiner at handikaptoaletta på kulturhuset i Ørsta må betrast.

Kritisk til toalett: Harald Olsvik i Ørsta og Volda handikaplag meiner at toalettilhøva ved kulturhuset må bli betre.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

– Då toaletta kom på plass i si tid vart handikaptoalettet pressa inn i det vanlege toalettet. Du må gjennom to dumme dører før du kjem fram til målet. Det var sørgjeleg å sjå kor dårleg det var då eg var på eit arrangement førre helg.

Olsvik meiner at det no må setjast av pengar til gjere utbetringar.

– No vert det brukt mykje pengar på å ruste opp kinosalen i kulturhuset. Kvifor ikkje samtidig fiksa tilgangen til toaletta. Det er ikkje så mykje som skal til for å få det i orden. Slik som situasjonen er i dag er toaletta så dårleg at det ikkje er verdt å presentere til nokon, seier Olsvik.