Janne Moe er den yngste eigaren i Sunkostkjeda som har eigen butikk. Butikken vart opna for snart tre år sidan.

– Janne viser at det er liv laga på bygda. Janne har ikkje butikken på eit kjøpesenter, slik som dei andre sunkost-butikkane i landet har, og har difor ingen draghjelp av tilfeldige forbigåande kundar, vert det sagt frå juryen.

Janne Moe fortel at ho difor må stå på, marknadsføre og arbeide hardt for å nå ut til kundar, med sterk konkurranse frå andre butikkar og frå netthandel.

– Eg valde sjølv å gå inn i Sunkost-kjeda og fekk pressa meg inn på ein marknad ingen trudde kunne gå. Eg er oppteken av å hjelpe andre, gjere Volda litt sunnare, og «living the brand» ved å bruke produkta sjølv.

Prisen Årets Sunkoster vart delt ut under Sunkost si kjedesamling som vart arrangert i Sandefjord denne helga. Prisen vart delt ut av konsernsjef Leif Terje Hansen. Utdelinga skjedde i åsynet til alle dei 100 helsekostbutikkane i landet, og alle leverandørane under festmiddagen.

Grunngjevinga: Prisen Årets Sunkoster går til ein person som lever og åndar for helse, kosthald og Sunkost. Er eit bilde av Sunkost som merkevare. Er ein god kollega. Kan vise til vekst, utvikling og gode resultat. Bidreg til fellesskapet sitt beste. Årets Sunkoster byr på seg sjølv og butikken sin. Ho er langt over snittet aktiv på marknadsføring som treff den yngre kundegruppa via film og foto. Ho har eit sterkt engasjement og veit kva som gjeld. Ho er ei inspirasjonskjelde for mange i kjeda sine butikkar, og er ein person som alltid seier ja og har eit oppkome av idear. Dette er ein person som er godt likt og alltid stiller med godt humør og ei positiv innstilling. Dette er ein person som klarer å kombinere kundane sine ønskjer og behov med butikken si utvikling på ein fabelaktig måte. I tillegg imponerer Janne med å nå den veganske målgruppa i vesle Volda.