Åmskarløypa: Dette biletet er tatt under ei synfaring i samband med planeringa og dreneringa av turløypa. Nummer to frå venstre er nyleg avdøde Syver Hovdenakk, som har vore ei eldsjel i langrennsgruppa i Ørsta. Frå venstre: Ruben Dale (K.A. Aurstad), Syver Hovdenakk, Arthur Johan Bjørdal (K.A. Aurstad), Svein Silseth og Guttorm Øye (Åmskarets venner) og Edvard Solheim, K.A. Aurstad.
            (Foto: Privat)

Åmskarløypa: Dette biletet er tatt under ei synfaring i samband med planeringa og dreneringa av turløypa. Nummer to frå venstre er nyleg avdøde Syver Hovdenakk, som har vore ei eldsjel i langrennsgruppa i Ørsta. Frå venstre: Ruben Dale (K.A. Aurstad), Syver Hovdenakk, Arthur Johan Bjørdal (K.A. Aurstad), Svein Silseth og Guttorm Øye (Åmskarets venner) og Edvard Solheim, K.A. Aurstad.Foto: Privat

Heilårsløype på Åmskaret

Pengar til turløype

Turløypa til Åmskaret skal rustast opp til heilårsbruk. Ei løyving på 200.000 kroner frå Sparebanken Møre gir god starthjelp.

– Via denne løypa kjem ein seg opp i høgfjellsområde på ein enkel og god måte. Planen er å legge på duk og grus, slik at den kan brukast heile året, seier Svein Silseth i Åmskarets venner.

Statnett sin digre trafostasjon på Hovdenakk, og den nye høgspentlina, greip inn i den gamle løypa. Men Statnett har gitt kompensasjon. Og med hjelp frå entreprenøren K.A. Aurstad har turløypa blitt drenert, planert og delvis lagt om.

Grusdekke

No står er Åmskarets venner klar for å ta eit nytt steg. Det skal bli grusdekke på fem kilometer av skiturløypa. Dermed vert det i alt ti kilometer gruslagt turveg for heilårsbruk i området. Sparebanken Møre gir 200.000 kroner til arbeidet.

– Vi synest dette er eit flott tiltak som er med på å gjere regionen meir attraktiv å bu og leve i, seier banksjef Line Wiik Bjerknes i Sparebanken Møre.

Åmskarets venner er no sikra startkapital, og jobbar med vidare finansiering, både spelemidlar og andre tilskot.

– Turvegen gir ikkje inntekter, fordi vi ikkje kan ta betaling for bruken. Difor er vi avhengig av slike gåver som det banken har gitt. Eg vil også leggje til at grunneigarane har vore veldig positive, seier Svein Silseth.

Ørsta-Sæbø

Det manglar 300 meter på å knyte saman turløypa til Åmskaret med skogsbilvegen på Åmås. Og austover er det ikkje langt til vegane på Tryset og Valset i Bondalen. Samstundes skal det kome gang- og sykkelveg frå sentrum til Høgebrua.

– Her kan vi ein unik sjanse til å få ein sykkel og turveg mellom Ørsta sentrum og Sæbø, etter eit samarbeid mellom fyket, kommunen, og no banken, seier ordførar Stein Aam.

Han rosar eldsjelene som jobbar for å leggje til rette turvegen på Bondalseidet. Ein av desse var Syver Hovdenakk, som gjekk bort nyleg.

–Han har lagt ned ein formidabel innsats. Det er vi audmjuke og takksame for, seier Stein Aam.

– Turløypa og skisenteret brukt av folk frå heile regionen, og nærmarknaden er viktig for oss. For Ørsta er det viktig å utvikle Bondalseidet vidare med fleire aktivitetar og legge til rette for større bruk heile året, slik at vi ikkje taper mot andre tilbod, seier ordføraren.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Pengar: Sparebanken Møre med sjekk på 200.000 kroner. F.v. Per Ivar Lied (Åmskarets venner), ordførar Stein Aam, Line Wiik Bjerknes (Sparebanken Møre) og Svein Silseth (Åmskarets venner)
            (Foto: privat)

Pengar: Sparebanken Møre med sjekk på 200.000 kroner. F.v. Per Ivar Lied (Åmskarets venner), ordførar Stein Aam, Line Wiik Bjerknes (Sparebanken Møre) og Svein Silseth (Åmskarets venner)Foto: privat

Dette vert lest no:

Sokneprestane svarar Hans Reite

- I våre auge forkludrar Reite den heilt grunnleggande kristne tanken om at menneska er skapte i Guds bilete, sjølvsagt heilt uavhengig av til dømes seksuell legning.

Black Friday

Økonomen Thomas sparte 11.500

- Men gå ikkje inn og dra kredittkortet blindt

Må kutte 300-450 millionar

Dramatisk situasjon for sjukehusa i fylket.

Hans Reite og homofili

Homo-aksjon mot Nytt Livs senter

- Dei skal ikkje buse fram slik, seier Hans Reite.

Porsekjellaren er tilbake

Gjenopning av klassisk utestad

Håper på gangveg til Vatne

– For ti år sidan byrja eg å sykle frå Vatne til Ørsta. På desse ti åra har trafikken auka mykje. No vert eg engsteleg av å sykle denne strekninga.