Førehandsrøysta: Jan Ole Valseth  skal vekk på måndag og førehandsrøysta difor på sørviskontoret fredag. Her saman med Vilde Moltudal og Linda Hjelm.
            (Foto: Roy-Arne Folkestad)

Førehandsrøysta: Jan Ole Valseth skal vekk på måndag og førehandsrøysta difor på sørviskontoret fredag. Her saman med Vilde Moltudal og Linda Hjelm.Foto: Roy-Arne Folkestad

Stortingsvalet

Her kan du røyste

Rekordmange har alt stemt. Men det er måndag som er hovudvaldagen.

I Ørsta byrja den ordinære røystinga søndag,med ope vallokale i sentrumskrinsen Velle.

– Det var jamn pågang heile dagen, seier assisterande rådmann Eldar Øye.

Rekord på førehand

Dessutan har rekordmange førehandsrøysta.

– Kommunen opplevde eit imponerande trykk under førehandsvalet i år.  Når vi stengte fredag hadde 1909 i Ørsta kommune brukt sin røysterett. Dette er over 24 prosent av dei røysteføre. Siste dagen var 284 innom og røysta, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

Her kan ørstingane gi si røyst på valdagen:

Velle krins              Ørsta kulturhus      kl 08.00 – 21.00

Dalane krins           Dalane skule          kl 13.00 – 20.00

Hovden krins          Hovden skule         kl 09.00 – 20.00

Vartdal krins           Vartdal skule         kl 13.00 – 20.00

Sæbø krins             Sæbø skule            kl 13.00 – 20.00

Bjørke krins            Haukly                   kl 13.00 – 19.00

Ei oppmodinga frå dei kommunale valstyra: Hugs legitimasjon!

Volda

Også i Volda var det rekordmange førehandsrøyster, i alt 2554. Av desse var 1929 heimehøyrande i Volda, slik at 29 prosent av veljarane har førehandsrøysta.


Her kan voldingane røyste på valldagen:

Øyra røystekrins: Uppheim kl. 9.00-20.00, inngang frå oversida.

Mork røystekrins: Mork skule kl 12.00-18.00

Austefjord røystekrins: Austefjord skule kl 12.00-18.00

Folkestad røystekrins: Folkestad skule kl 12.00-18.00 

Dalsfjord røystekrins: Grendahuset Vesttun kl 12.00-18.00

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Vann trafikktryggingspris

- Gigantprosjekta er galskap

Synnøve Rekkedal Hill vil heller bruke pengar på trafikktrygging.

Skisesongen i gang

Vintereventyr i november

Kjempeforhold på Bondalseidet - mellom bygene

Feil i annonse

Cantando på Samhald

Koret Cantando innbyr til korkveld tysdag.

Arbeider for å får fleire i arbeid

– Vi gir folk ein sjanse

– Vi har gode erfaringar med å gje folk ein sjanse. Det gler oss veldig at vi no har to personar i ferd med å ta fagbrev, etter at dei byrja i eit arbeidstrening-program.

Kva får deg til å le?

Fersk Frp-leiar svarer på 10 spørsmål.

Flø utan filter

Lille Marius

"Det ultimate forfallet vert nådd når elevane berre skal lære om nålevande forfattarar", skriv Sigbjørn Flø i si laurdagsspalte.

Skadd i slåstkamp

Fleire var innblanda i slåstkamp i Volda i natt

Nasjonal ros for barnehageplan

– Vi er ekstremt stolte!

Kan ein lokal rammeplan for barnehagane i Ørsta hauste åtgaum frå heile landet? Ja, definitivt.

– Det gir meining å vere der for menneske i sorg

Dei tilsette i Hovden Gravferdsbyrå er hjelparar i sorga.

– Hårreisande dyrt med SFO

–Dyrare enn barhehage, og utan pedagogisk innhald, meiner SV-politikar.