I Ørsta byrja den ordinære røystinga søndag,med ope vallokale i sentrumskrinsen Velle.

– Det var jamn pågang heile dagen, seier assisterande rådmann Eldar Øye.

Rekord på førehand

Dessutan har rekordmange førehandsrøysta.

– Kommunen opplevde eit imponerande trykk under førehandsvalet i år.  Når vi stengte fredag hadde 1909 i Ørsta kommune brukt sin røysterett. Dette er over 24 prosent av dei røysteføre. Siste dagen var 284 innom og røysta, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

Her kan ørstingane gi si røyst på valdagen:

Velle krins              Ørsta kulturhus      kl 08.00 – 21.00

Dalane krins           Dalane skule          kl 13.00 – 20.00

Hovden krins          Hovden skule         kl 09.00 – 20.00

Vartdal krins           Vartdal skule         kl 13.00 – 20.00

Sæbø krins             Sæbø skule            kl 13.00 – 20.00

Bjørke krins            Haukly                   kl 13.00 – 19.00

Ei oppmodinga frå dei kommunale valstyra: Hugs legitimasjon!

Volda

Også i Volda var det rekordmange førehandsrøyster, i alt 2554. Av desse var 1929 heimehøyrande i Volda, slik at 29 prosent av veljarane har førehandsrøysta.

Her kan voldingane røyste på valldagen:

Øyra røystekrins: Uppheim kl. 9.00-20.00, inngang frå oversida.

Mork røystekrins: Mork skule kl 12.00-18.00

Austefjord røystekrins: Austefjord skule kl 12.00-18.00

Folkestad røystekrins: Folkestad skule kl 12.00-18.00

Dalsfjord røystekrins: Grendahuset Vesttun kl 12.00-18.00