Politiet melde laurdag kveld om at ein mann skal ha fått hovudskader etter eit fall på Slogen. I halv sju tida var eit redningshelikopter er på veg til staden opplyste politiet på Twitter.

Mannen vart frakta til Ålesund sjukehus med helikopter. Ifølgje politiet skal mannen ha fått moderate skader i hovudet.