Kvifor godtek Volda at Mørenett flyttar frå Ørsta til Dragsund? Dette har vore eit heitt tema etter at Møre-Nytt skreiv om Volda sin «hestehandel» i førre veke. Amdam trakk fram plassering av legevaktsentral i Volda som ei utløysande sak for Volda sin snuoperasjon når det gjeld haldninga til Mørenett si flytting til Dragsund.

–Her luktar det hestehandel?

–I politikk må vi av og til drive hestehandel, det legg eg ikkje skjul på, sa Amdam.

Denne utsegna har skapt oppsikt. Ørsta-ordførar Stein Aam var først ut med å seie at Amdam sin snuoperasjon var «overraskande og ikkje så lite sjokkerande». Aam var opptatt av at Volda har brote semja mellom Ørsta og Volda i Mørenett-saka, og meiner at det var ein «elendig hestehandel».

Også ordførarane på ytre søre er forundra.

–Eg kjenner ikkje til nokon hestehandel. Det er uheldig at sakene vert blanda. Det er for tidleg å dra konklusjon om opplegget for felles legevakt. Når det gjeld Mørenett har vi hatt ei fast haldning på det heile tida. Det er at Dragsund er rett lokalisering, og at det bør bli ny ekstraordinær generalforsamling i Tussa, seier ordførar Anders Riise i Hareid.

– Og det har ikkje vore noko press for å få Volda til å snu?

– Ikkje frå Hareid si side.

Også ordførarane i Ulstein og Herøy avviser at dei har konkludert når det gjeld plassering og modell for legevakttenesta.

Amdam utdjupar

Volda-ordførar Jørgen Amdam seier at «hestehandelen» ikkje betyr det same som at legevaktsaka er endeleg avgjort.

–Det ligg alltid ein del hestehandel under, så lenge det er snakk om politikk, men dette er ingen konkret hestehandel, der vi har skrive under på avtalar. Vi har kome saman og funne ei ein felles strategi for det vidare samarbeidet, og det er ei god løysing.

–Men kvifor kopla du Mørenett og legevaktsaka?

–Eg var kontakta av folk frå det politiske miljøet i Herøy som påpeika at Ørsta og Volda si haldning til Mørenett-flyttinga skapte problem for samarbeidet mellom kommunane. Det vart sagt at Mørenettsaka sperra for god dialog, mellom anna om legevaktordninga. Så her vart det gjort ei kopling.

–Var det partifellar i Herøy som kontakta deg?

– Ja, det var det.

Amdam fortel også at han har fått opplysingar om at Mørenett må finne anna lokale enn Tussatun, dersom dei skal vere i Ørsta, fordi det er krav om at nettselskap skal vere skilde frå produsentselskap.

Må flytte uansett

Dette stadfestar styreleiaren i Mørenett, Erik Espeset.

– Vi har eit bygg i Dragsund som er bygd for eit nettselskap. Då vil det vere galskap å byggje eller leige i Ørsta. Det vil påføre kundar og selskap unødige utgifter, seier Espeset.

Han er glad for at Volda no ser ut til å ha godtatt flyttinga til Dragsund.

– Styret i Mørenett gjorde eit klart vedtak som gjekk imot samlokalisering med Tussa. Men generalforsamlinga i Tussa gjorde eit vedtak som låste situasjonen. Dersom Volda har kome på andre tankar, så er det til beste for selskapet og kundane. Å vere samlokalisert med Tussa i Ørsta er inga varig løysing, seier Espeset.