Volda har gått med på at Mørenettadministrasjonen skal flytte til Dragsund. Volda si kursendring må sjåast i samanheng med ei annan lokaliseringsak, nemleg den som gjeld plassering av legevaktsentral for Søre Sunnmøre. På eit fellesmøte mellom ordførarar og rådmenn på Søre Sunnmøre fredag fall mykje på plass, ifølgje ordførar Jørgen Amdam i Volda.

– Vi har samla oss for at vi skal gå vidare med alternativet om ein hovudstasjon for legevakt i Volda. Så skal det vere eit ambulerande team i tillegg, ein såkalla køyrande legebil. Så langt som råd skal det vere eit tett samarbeid og synergiar med sjukehuset, og det skal kommunane forhandle med Helseforetaket om, seier Jørgen Amdam.

Arbeidsgruppe

Han skal sjølv leie arbeidsgruppa som skal prøve å kople legevaktsentralen til sjukehuset.

For ordførar Stein Aam i Ørsta er Volda sin snuoperasjon dryg kost. Han meiner Volda-ordføraren har gjort ein dårleg politisk handel.

– Eg for min del meiner det er naturleg at legevaktsentralen ligg ved sjukehuset, men det har Helseføretaket ikkje vore opne for, på grunn av plassmangel. Dermed blir det nok Furene, seier Stein Aam.

Han meiner Volda uansett ville fått hovudstasjonen for legevakta.

– Samstundes vert det på ein eller annan måte ei delt løysing. Eg har vore i politikken i mange år, og gjort nokre hestehandlar sjølv. Dette er ein av dei dårlegaste eg har sett, seier han.

Volda sin snuoperasjon i Mørenett-saka kom brått på det politiske miljøet i Ørsta.

– Her vart vi sette på sidelina. Vi var heilt uvitande om denne prosessen, til vi fekk vite det i media. Det var eit dårleg trekk av Volda, seier Stein Aam.

Amdam tilbakeviser

Jørgen Amdam meiner Stein Aam ikkje bør vere sjokkert over Volda sin snuoperasjon.

– Reaksjonen frå Ørstaordføraren overraskar. På generalforsamlinga i Tussa sa vi at vi støtta Ørsta, men at vi ville sjå på saka på nytt etter ei totalvurdering av situasjonen for heile Tussa. Det har vi fått, og vi ser mellom anna at Tussa 24 skal halde til i Ørsta, slik at det ikkje er snakk om 50 tapte arbeidsplassar, men langt færre. I tillegg har det kome fram at dersom administrasjonen til Mørenett skal vere i Ørsta så må Mørenett ha nybygg, eller leige utanfor Tussatun. Og det vert dyrt, seier Amdam.

– Er Tussalliansen broten for godt?

– Nei, dette er kopla til ei bestemt sak.

Stein Aam i Ørsta er usamd i Volda-ordføraren sin påstand om at Mørenett må ha nybygg dersom dei skal bli i Ørsta.

– Det vart lagt fram ein rapport som konkluderte med at Mørenett sin administrasjon kunne leggjast både til Ørsta, der den er i dag, og Dragsund, seier han.

– Denne saka har ført til splid mellom kommunane på Søre Sunnmøre. Bør ikkje Ørsta gi seg, for å berge samarbeidsklimaet?

– For oss handlar det om mange arbeidsplassar. Eg har også fått brev frå dei tillitsvalde i Mørenett som åtvarar mot utarming av fagmiljøet, og det må vi ta omsyn til. På den andre sida er det eit poeng at det i mange saker er slik at vi må sjå regionen under eitt. Då må vi, samarbeide, og ikkje slost.

Volda: Ordførar Jørgen Amdam i Volda har godtatt flytting av Mørenett til Dragsund, og det skaper sterke reaksjonar i Ørsta. Foto: Kjell Arne Steinsvik