Rådmann Wenche Solheim orienterte onsdag levekårsutvalet om skulesituasjonen i sentrum. Etter at Fylkesmannen har sagt nei til bygging av grupperom på Vikemarka skule grunna rasproblematikken, har kommunen konkludert med at den beste løysinga vil vere eit nytt skulebygg som kan huse dei eldste elevane, frå 5. – 7. trinn, frå skulane Vikemarka, Velle, Hovden og Dalane.

Kritisk

– Overskrifta vår for denne saka er: «Kva brenn mest i sentrum?» Der er ein del kritiske ting no. Vikemarka får ikkje bygge ut, og har ikkje nok plass til alle elevane. På Velle skule er der fire til fem klasserom for lite, ein ulovleg sløydsal, og ulovlege lærarkontor på loftet. I tillegg har dei i år starta opp ei introklasse, og der er ei klasse med tilhald i paviljongen. Der er også dårleg tilrettelagt for elevar med spesielle behov. For å få lovlege klasserom på Vikemarka må vi bygge ut. Det får vi ikkje lov til. Vi får heller ikkje sette opp nye paviljongar. Dei minste klasseromma er i bygget der dei minste går, og det er i dei klassene der går flest elevar. Vi veit der er stor omsetning av bustader i Vikemarka krins, så elevtalet vil nok ikkje minke. Så har vi Hovden skule. Skulen er romsleg, men nedsliten. Her er det også behov for å gjere noko.

Ikkje framtidsretta

Kostnadene med å lappe på skulane slik dei står i dag, er estimert til å koste 148 millionar kroner. Solheim viser til at det i Volda er ført opp ein ny skule, sentrumsskulen Øyra, til 200 millionar kroner.

– Å klatte på skulebygga vi har i dag er ikkje framtidsretta, seier Solheim.

Etter byggestoppen på Vikemarka seier rådmannen at det har vorte tydeleg for dei at det å bygge ein ny, moderne og framtidsretta skule vil vere den beste løysinga. Dersom kommunestyret går med på det.

– I staden for å spreie millionane, kan vi bygge ny skule. Vi tenkjer også at alle elevane som soknar til Ørsta ungdomsskule, bør gå på denne skulen, og ikkje berre elevar frå Vikemarka og Velle. Alle elevane i 5.–7. som soknar til ungdomsskulen i sentrum, bør vere ein del av dette skulemiljøet.

Solheim seier at dei ser det som svært viktig at dei yngste elevane frå 1.–4. trinn får bli verande i sine respektive krinsar.

– Flyttar vi dei eldste elevane frå Hovden til den nye skulen, kan vi spare pengane med å erstatte øvrebygget på skulen, då kunne dei eldste elevane gå på den nye skulen, og vi kunne konsentrere oss om å heve standarden på nedrebygget for dei yngste elevane. Dette er tenkte tankar, understrekar rådmannen.

Spare kostnader

Den nye skulen må ha minst 15 klasserom.

– Kostnadene veit vi ikkje, men ved å slå saman elevane frå dei fire skulane, kunne vi spare driftskostnader som svarar til ei til to klasser i året. Det vil vere god ressursutnytting. Og i staden for å flikke på dei skulane vi har no, og bruke 148 millionar på noko som ikkje er framtidsretta, kan vi investere 80–90 millionar av dei pengane inn i ein ny skule.

Per i dag, seier rådmannen, er det berre Vartdal skule som har eit framtidsretta bygg. Også på Sæbø er det behov for oppgraderingar.

– Vi må ta ting i rekkefølge. På Velle og Vikemarka går det til saman over 600 elevar. Det er viktig å ha gode skular alle stader, men for sentrumsskulane er det no kritisk. Det neste steget vert å byrje å jobbe fram ei politisk sak og skaffe pengar til eit forprosjekt. Vi må vurdere konsekvensar av ulik art, arealbruk–kvar skal skulen ligge i sentrum?, infrastruktur m.m., seier rådmannen.

levekårsutvalet: Leiar Odd Magne Vinjevoll (Frp) og rådmann Wenche Solheim. Foto: Janne-Marit Myklebust