Politiet har offentleggjort ein video som viser ei stygg forbikøyring like sør for Vartdal, omlag klokka 12.30 fredag.

– Vi fekk tipset og videoen frå ein meldar, og dermed kunne vi rykke ut og avslutte saka raskt, seier vakthavande politijurist Mathias Häber ved Sunnmøre politidistrikt.

Video

Videoen er offentleggjort til skrekk og åtvaring.

– Bileta talar for seg. Dette var ei veldig stygg forbikøyring. Heldigvis gjekk det ikkje gale, seier Häber.

Han rosar vedkomande som har tipsa politiet.

– Det å få ein video lettar vårt arbeid i stor grad, og det gir oss eit sterkt bevis, seier Häber.

Vedgjekk

Den mistenkte bilføraren vart oppsøkt av politiet, og vedgjekk forholdet. Han får eit førelegg på 6.000 kroner, og mister førarkortet i seks månader.