Volda går med på støtte Mørenett si flytting av hovudadministrasjonen frå Hovdebygda til Dragsund. Til gjengjeld får Volda legevaktsentral for Søre Sunnmøre. Dette vert stadfesta av ordførar Jørgen Amdam i Volda.

–Vi aksepterer at Mørenett vert flytta til Herøy. Vi har lagt vekt på at nettoeffekten for Ørsta/Volda vert liten , sidan omorganiseringar i Tussa også har tilført arbeidsplassar, seier Jørgen Amdam.

–Forstår du at Ørstaordføraren er opprørt?

–Det skjer med sterkt påtrykk, og vi gjer det for å skape alliansar i andre saker.

Hestehandel

Dette betyr at kommunane på ytre kjem til støtte at den nye legevaktsentralen på Søre Sunnmøre skal vere i Volda, og knytast opp til sjukehuset. Alternativet har vore ei delt løysing.

–Her luktar det hestehandel?

–I politikk må vi av og til drive hestehandel, det legg eg ikkje skjul på.

Ekstraordinær generalforsamling

Seks eigarkommunar i Tussa , inkludert Volda, krev ekstraordinær generalforsamling i Tussa, skriv Nett.no

Her kjem saka om flytting av Mørenett opp på nytt. I sentrum står ein aksjonæravtale der det står at Ørsta skal vere hovudkontor for Mørenett, som Tussa eig saman med Tafjord. Dei seks ordførarane  i Ulstein, Hareid, Sande, Herøy, Vanylven og Volda foreslår at  paragraf 4 i avtalen vert endra  slik at punktet om hovudkontor i Ørsta vert erstatta med "hovudkontor på Søre Sunnmøre der dagleg leiar for selskapet samt leiinga av entreprenørdivisjonen skal vere lokalisert'."

Sjokkert Ørsta-ordførar

Ordførar Stein Aam i Ørsta seier han finn Volda sin framgangsmåte «overraskande, merkeleg og ikkje så lite sjokkerande». Og han har ein joker i ermet i lokaliseringsstriden.

– Dette kan vere ei sak som krev to-tredels fleirtal på ei generalforsamling. Dermed kan vi stanse ei endring av aksjonæravtalen, sidan vi eig 34,8 prosent i Tussa, seier Stein Aam