Budsjettlekkasjen kom frå Jon Georg Dale (Frp) og og Marianne Synnes ( Høgre) under ein valarrangement i helga. Det er snakk om til saman 200 millionar kroner for dei to sjukehusa.

– Dette viser at vi klarer gjere fleire ting på ein gong. Vi byggjer nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal og vi viser at vi framleis satsar på dei to sjukehusa på Sunnmøre, seier Dale til Sunnmørsposten.

Frå neste år

Pengene kan brukast frå neste år, ved at helseføretaket får auka lånerammer.

– Det er ikkje avgjort konkret korlleis dei 200 millionene skal brukast, men det er ein føresetnad at dei skal brukast til investeringstiltak ved Ålesund og Volda, sier Høgre-politikar Marianne Synnes.

Og ho legg til at pengane kan brukast både til å styrkje sjukehusa fagleg, og bygningsmessig.