Kven får flest sortar fisk opp frå Hjørundfjorden på 24 timar? Kven får det største fisken? Og kven får den minste? Det er først og fremst dette det skal handle om under nyskapinga Hjørundfjord Fiskefestival komande helg.

Dampen

Det handlar og om å skape liv og røre på Sæbø, med den gamle damskipskaia som sentrum for det heile.

–Det vert konsert på den gamle dampskipsekspedisjonen både fredag og laurdag med flotte artistar, og det vert servert både mat og drikke, seier leiar for festivalen Kay Are Urkegjerde.

24-timar fisking

Festivalen og konkurransen opnar fredag 25.august klokka 17.  Konkurransen varer i 24 timar- natta inkludert.

–Med nattfiske får dei mest iherdige også høve til å fiske etter dei største artane som ligg på botnen av den 440 meter djupe Hjørundfjorden. Det vert premiert for størst fisk, flest artar og minste fisk, opplyser arrangøren.

For born

Laurdag vert det ein eigen fiskekonkurranse for born og unge i alderen 3-13 år i tidsrommet 14-17.

–Det vil vere mange og flotte premiar både her og i hovudkonkurransen, seier Kay Are Urkegjerde.

Hovudpremien er eit valfritt bilete frå Nils Taklo sitt galleri. Elles går det i meir tradisjonelle premiar som fiske- og sportsutstyr.

Spent

Fiskeskøyta «Skjellfjord» vert disponert av festivalen og det vert mulig å leige seg turar med den.

Kay Are Urkegjerde er spent på korleis fiskefestivalen vert motteken.

–Eg håper dette kan bli ei årleg hending. Vi vil treffe både fiskenerdar og andre. Difor er det ulike klassar. Hjørundfjorden er ein spennande fiskeplass med mange artar. Det vil nok appellere spesielt til dei ivrigaste, som likar å konkurrerere om å få flest artar. Dessutan kan vi garantere liv og røre, seier Urkegjerde.