Den alvorlegaste hendinga gjeld fyllekøyring.

– Ein 21 år gammal mann vert sikta for å ha køyrd bil i alkoholpåverka tilstand, samt køyring utan gyldig førarkort, opplyser politiet.

Politiet melder også om at ein mann vert meldt for urinering.

Støy

Og så klaga naboar på bråk ved Studenthuset Rokken, der sesongen er i gang for fullt.

"Klage på støy frå området studenthuset Rokken. Viste seg å kome frå ein bil som oppheldt seg i området", skriv politiet på Twitter.

Utvist

Tidlegare på kvelden vart ein mann i 30-åra utvist frå ein utestad på grunn av "ordensforstyrrelse" I tillegg hadde han forsøkt å slå ned dørvakta, i følge politiet. Dessutan måtte politiet be helsevesenet ta seg av ein overstadig berusa person som låg utanfor taxisentralen.