«Eg byd dykk ein drikk utav Vikeskåla/ Ein herleg drikk som alle kan tola.»

Dette var inngravert på ei plate på Fontena, der den stod, midt i krysset mellom Kyrkjegata og Anders Aarsæther-gata, tidlegare kjent som «Lystadbrauta.»

Drykken vart servert frå eit vikinghorn i messing. På toppen av ein diger firkanta sokkel sat ei ugle og passa på ørstingane. Installasjonen var omgitt av ein forseggjort mur, og inne var det tilplanta med blomar. Det var gjerne her folk let seg avfotografere når dei var på besøk. For dette var Ørstavik sitt varemerke.

«Fontena», som altså var meir enn ei fontene, var ei gåve frå disponenten ved Ørsta Bruk, S.O. Myklebust i 1939. Han budde eit steinkast unna, i trevillaen som seinare vart barnehage.

Offentleg vandalisme

Demonteringa av Fontena skjedde i juni 1973. Vernetanken stod ikkje så sterkt tidleg på 70-talet. Mesteparten av delane vart dumpa i ei sjøfylling i Strandgata. I ettertid kan det kallast offentleg vandalisme.

Ørsta Sogelag har jobba i mange år med å gjenskape «Fontena», slik at den på nytt vert ein signatur for Ørsta sentrum. Dei ønskjer å plassere den på Røed-tomta, ved sidan av Svendsengarden. Men arkitektgruppa som skal live opp Ørsta sentrum likar ikkje ideen, ifølge Sogelaget.

– Me i Ørsta Sogelag har diverre opplevd ikkje å verte tilstrekkeleg høyrde og tekne på alvor. Me har hatt ei kjensle av at vårt nære kjennskap til denne saka og mangeårige arbeid, ikkje har vore delt og verdsett, korkje av arkitektgruppa eller representant for leiinga i Ørsta kommune, står det i eit brev som Sogelaget sende til kommunen nyleg.

Kommunen har svara med at politikarane må sjå på saka.

Trist syn

Det som berre kan kallast restar av Fontena står i parken på Simahaugen. Det var i utgangspunktet berre ein bleik kopi av originalen. Dessutan har vandalar herja her også. Denne gongen av den private sorten, ikkje offentlege. Både ugla og drikkebegeret er vekke. Til og med det rennande vatnet har forsvunne.

Og ei fontene utan vatn er eit trist syn.

Stusseleg: Restane av «Fontena» er stusselege saker. Foto: svein aam