Stig Ulv vart invitert til kaia av drivarane av Urke kaihus, Andreas og Trond Lindbæk. For å gi noko tilbake, sette Stig Ulv seg ned og klimpra. Inspirert av fjorden, fjella og måseskrika, vart ein ny melodi fødd.

Hyllest

– Det er litt kult. Synest eg. Ein eigen Urke-song. Det er ein hyllest til bygda. Eller til bygdene i Ørsta eigentleg, og alt dei får til. Men området rundt Hjørundfjorden er heilt spesielt. Der er eit eige tak i folket der, så mest av alt er dette Urke sin song.

Han har gitt ut fem album. Dette vert hans første singel, og melodien vert framført for første gong laurdag, på kaihuset på Urke sjølvsagt. Det er i kjent Stig Ulv-stil. Ingen vokal, berre gitaren, eller banjoen i dette tilfellet. Men litt tøffare har han vorte. Han har fått med seg teknikar Anders Boska, som har leika seg med lydbildet. Han har også teke opp måselydar som vert spelt av i starten av melodien, for å skikkeleg sette ramma rundt.

–Det er så du kjenner smaken av salt sjøvatn i munnen. For meg er dette ein skikkeleg sørlandsidyll-melodi, berre på Sunnmøre. I tillegg er der mellom anna også ein xylofon med. Det er bra med nye ting og nye lydar.

Turistar

Klimpringa på kaia i juni fekk også følgjer for Stig Ulv. Nye dører opna seg. Han har fleire gonger vore i Ålesund og spelt for amerikanske turistar som har kome med cruisebåtane.

Når dei ligg til kai, stikk Stig Ulv innom og spelar.

– Skikkeleg nasjonalromantisk. Dette kan eg takke Lindbæk-brørne for. Så dette er min takk tilbake til dei. Det er også første gong at eg har eit stadnamn i ein tittel, så dette er svært. For meg i alle fall, humrar sindige Stig Ulv.

Låta er spelt inn hos Audiofarm med Svein Erik Åmås og Anders Boska som produsentar.

Banjo: Etter to tidlege morgonar med speling for amerikanske turistar på kaia på Urke, vart Urke-morgon til. – Ein hyllest til bygda, seier Stig Ulv, som gir låta ut som singel førstkomande laurdag. Foto: Janne-Marit Myklebust
Urke kaihus: Staden har inspirert Stig Ulv til å skrive ei ny låt.