Måndag er Karen Lomeland Jacobsen på plass i jobben som ny direktør og øvste administrative leiar for Høgskulen i Volda. Då startar ei ny tid for førtiåringen frå Stavanger, som siste to åra har budd i Volda der ho er etablert i nyoppussa hus med sambuaren Stig Løland og dottera Tyra på ti månader.

Lomeland Jacobsen vil gjere seg meir kjend med den nye arbeidsplassen sin før ho kjem med noko programerklæring. Men ho gjer klart inntrykk av å vere ei noko utolmodig kvinne, som likar at ting skjer. Og ho ønskjer å vere med og utvikle og styrke høgskulen til beste for Volda og regionen.

Pådrivar

– Høgskulen i Volda er ein god skule. Likevel må skulen sjølvsagt utvikle seg. Eg ønskjer å vere ein pådrivar for nye moglegheiter for skulen, og eg vil legge til rette for at dei tilsette kan gjere ein så god jobb som mogleg, seier Lomeland Jacobsen.

Ho kjem til direktørjobben i Volda frå Helfo i Ørsta, det

statlege forvaltningsorganet med oppgåver innan helsefinansiering. På Helfo jobba Lomeland Jacobsen med m.a. analyse og effektmålingar av tiltak. 40-åringen har hovudfag i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Bergen, og etter at ho var ferdig med dette har ho hatt ulike leiarstillingar innan bank og forsikring i Bergen i fleire år før sambuaren lokka henne til Volda. Sogningen Løland er høgskulelærar ved seksjon for idrett og friluftsliv på høgskulen, ein aktiv friluftsmann som også er tinderettleiar. Også Karen er glad i friluftsliv, og elskar å vere på den vesle hytta familien eig på Strandafjellet. Og det var kanskje ikkje så rart at det var i naturen paret møtte kvarandre, under ein skitur på Svalbard.

– Eg likar å gå i fjellet utan at eg er ekstrem. Eg er nok ei heilt vanleg fjelldame, vurderer den nye direktøren som har vore på Rotsethornet, og såleis kan kalle seg ekte volding.

Lomeland Jacobsen har funne seg godt til rette i Volda og likar voldingane, sjølv om familieliv og det ho trur kan verte ein hektisk jobb på høgskulen ikkje gir rom for rolegare dagar.

– Men eg slepp stresset ein storby kan gi. Volda har ein enkel logistikk og eg gler meg til å bruke beina til og frå jobb. Skulle eg lengte etter byen, tek eg meg berre ein dagstur til Ålesund.

Ikkje tilfeldig

At ho no har hamna i ei viktig stilling på høgskulen, er kanskje ikkje tilfeldig. Ho vart tipsa om den ledige direktørjobben etter Jakob Kjøde Jr, og no tek Lomeland Jacobsen opp ein gammal familietradisjon: Store delar av familien jobbar på skular og universitet.

– Ein kan vel seie at eg er arveleg belasta. Eg vaks opp med mange diskusjonar rundt middagsbordet der undervisningssektorane har vore tema, så eg føler meg litt heime no, på høgskulen.

Karen Lomeland Jacobsen er ei blid og imøtekomande kvinne som er lett å like. Ho gjer det klart at ho ønskjer å vere ein inkluderande direktør og ein pådrivar for nye moglegheiter for denne viktige institusjonen i Volda.

– Høgkulen i Volda har valt å stå åleine, og no må skulen vise at han har livets rett som ein liten høgskule, ein skule som heile tida må følgje med i utviklinga og vere oppdatert. Det betyr ikkje at alt skal endrast. Sjølvsagt ikkje. Men ein må vere open for nye ting. Eg har god tru på at høgskulen vil vere ein god skule åleine. Men det er slik at studentane ikkje vil kome til oss dersom vi ikkje har dei nødvendige fasilitetane. Difor er m.a. det nye mediebygget særs viktig. Vi har også ein samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen som må fyllast med godt innhald. Eg vil vere med og legge til rette for å vidareutvikle denne avtalen, seier Lomeland Jacobsen.

Ho har mykje erfaring frå det private næringslivet og erfarer at prosessane der kan verte gjennomført raskare samanlikna med i det offentlege.

– Det er viktig med inkluderande prosessar, det betyr likevel ikkje at ting treng å gå seint. Ein må få ting gjennomført, samtidig som at organisasjonane vert høyrde.

– Kva styrkar meiner du Høgskulen i Volda har?

Best i landet

– Som liten skule kjem vi tett på studentane. Og høgskulen er best i landet når det gjeld talet på dei som gjennomfører ei bachelorutdanning på normert tid. Høgskulen har også ei solid medieutdanning som er kjent landet over. Ja, ho har eit nasjonalt godt rykte, og det var denne utdanninga eg hadde høyrt om før eg kom til Volda. Også profesjonsutdanningane er viktige, og det var avgjerande at høgskulen fekk godkjent den nye masteren i lærarutdanning. I det heile er skulen sterk på fagområde som heile regionen og arbeidslivet dreg nytte av. Difor er det viktig å heile tida vidareutvikle utdanningstilboda.

Ansvar

Karen Lomeland Jacobsen kjenner allereie på ansvaret med å vere direktør for høgskulen og trur det kan vere ein fordel at ho ikkje kjenner miljøet der.

– Det kan både ha sine fordelar og ulemper. Men eg stiller med opne kort. Eg likar diskusjonar og at folk seier meiningane sine. Og folk skal ikkje vere redde for å seie meg imot. Men eg er i stand til å skjere gjennom dersom det er nødvendig.

Som førtiåring vert Karen Lomeland Jacobsen den yngste høgskuledirektøren i Volda.

– Ja, eg er ein ung direktør. Men den franske presidenten er trettini, og han gjer det bra, og eg satsar på at det også skal gå bra i nyejobben min, utan at eg skal samanlikne meg med presidenten, smiler Lomeland Jacobsen.

Den nye leiinga: Rektor Johann Roppen (f.h), høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen og prorektor Jens Standal Groven utgjer den nye høgskuleleiinga frå 21. august. Foto: Roy-Arne Folkestad