Nyfiken som han er, tok han varleg opp snigelen og byrja etter kvart å undersøkje kva slags snigel dette kunne vere. – Ut ifrå dei kjenneteikna som er sett på vinbergssnigelen, er nok dette ein slik, trur Rekkedal.

Opphavleg høyrer snigelen heime i Mellom-Europa, men i mellomalderen vart han innført til Danmark og Sverige, kan vi lese på Store Norske Leksikon si nettside www.snl.no.

Levetid 5–6 år

– Hjå vinbergsnigelen er skalet kring 4 cm i breidde, og dette stemmer i alle fall på han som dukka opp hjå meg. Skalet er gult til lys brunt i farge og med litt utydelege band i brunt. Snigelen er tvikjønna. Ein vinbergsnigel kan leve i 5–6 år. Skal tru om snigeldyrking kan verte ei attåtnæring for nokre bønder, kjem det skjemtande frå bonden, som heller vil ha «vinbergarane» på besøk, enn iberiassnigelane, som også gjestar løda hans tidvis.

For desse vinbergsnigelane er godt eteleg og mellom anna i Frankrike og på restaurantar ulike stadar i verda vert slike sniglar gjerne servert som ein forrett. I Noreg har denne typen fleire gongar vorte sett ut i naturen, og har etablert seg nokre stadar kring Oslofjorden mellom anna. I tidlegare tider vart det ofte drive oppdrett av sniglane ved munkekloster, og dermed har denne arten også fått kallenamnet klostersnigelar.

Jordbærsaft ikkje favoritten

– Min teori er at nett denne snigelen som dukka opp hjå meg, kan ha komme til gards med ei hageplante. Hjå meg har han fått gras, blad og vatn mellom anna. Eg prøvde å gje han jordbærsaft, men då vende han tvert om og rusla seg andre vegen, så det var ikkje inn i matvegen hans i alle fall. Snigelen er kring 10 cm når han strekkjer seg ut, og solen hans er ganske brei. Elles forflyttar han seg forholdsvis raskt viss det er eit greitt underlag. På tørt papir gjekk sneglefarta monaleg ned, fortel Rekkedal.

Så om du tek deg ein tur til Nordre Vartdal, kan det hende at du får sjå ein snigel med eit større sniglehus enn det du er vant til å sjå. Snigelen skal få fast adresse på «Nøre» no, anten han har komme seg hit frå Mellom-Europa, eller frå Oslo-traktene.