– Dette vert mat for krinstinget. Volda stilte med åtte spelarar frå A-laget, og eg trur at minst fem av dei startar i komande fyrstelagskamp, seier Nydahl.

Om kampen vedgår Nydahl at HIL var dårlege det fyrste kvarteret, men der etter var laget på høgde.

Kenneth-Andre Hole gav Volda 2 leiinga etter ni minutt, og 1–0 heldt seg til pause.

Ti minutt ut i andre omgang auka Volda2 til 2–0 ved Eirik Schøning. Men fem minutt seinare reduserte Robert Roseth for HIL, og det var spenning i kampen.

Men så sprakk HIL. I løpet av dei ti siste minutta skåra Mohammad Khalil Abouzari Eirik Schøning og Kristian Vatsaas for Volda2.

– Då handla alt for vår del om å jage ei utlikning. 5–1 var flatterande for Volda. Det var også nokre situasjonar der vi meiner vi skulle hatt straffespark, noko som ville ha endra kampbiletet totalt, seier ein vonbroten HIL-trenar.

Neste kamp for Hovdebygda er borte mot Ellingsøy.