Møre-Nytt har bede lokalhistorikar Lars Ørstavik sjå på bileta som Bergen Universitetsmuseum har lagt ut på Facebook etter tjuveriet sist helg. Han kjenner att tre gjenstandar, som alle vert rekna som svært viktiga funn i Ørsta.

– Og det kan vere fleire, både frå Ørsta og elles på Sunnmøre. På meg verkar det som om ein vesentleg del av vikingtida på Vestlandet har blitt rana, seier Ørstavik.

Bjørke-skatt

Som Møre-Nytt har omtala tidlegare er ein av dei sakna gjenstandane eit angelsaksisk bronsebeslag på 7,1 gonger 7,2 centimeter, som vart funne på Leikvollen på Bjørke i 1932, i området der Kyrkja står. Beslaget er datert til frå før år 800, og er dermed svært interessessant for historikarane.

– Mykje tyder på at beslaget kjem frå det som vert rekna for det første vikingtoktet i Storbritannia, åtaket mot klosteret i Lindisfarne i 793, seier Lars Ørstavik.

Han har skrive om vikingfunnet på Bjørke ei boka om Indre Hjørundfjord si forhistorie, som kom ut i 2015.

Ørstavik meiner vikingar frå Bjørke var med på det første store vikingtoktet frå Norge til Storbritannia.

– Beslaget er datert til å vere frå før år 800, og då er det berre tre vikingtokt som er aktuelle. Av desse er Lindisfarne det mest sannsynlege av ulike grunnar, seier Ørstavik.

Uvurderleg

Dette gjer det stolne beslaget frå Bjørke til ein svært verdifull historisk dokumentasjon.

–Det er ein svært viktig historisk dokumentasjon. Kanskje ein av dei viktigaste vi har frå heile Vestlandet når det gjeld den tidlege vikingtida, seier Ørstavik.

Nøkkel frå Mo

Tjuvane har og tatt med seg ein utsmykka nøkkel frå vikingtida, som vart funne på Mo ved Ørsta sentrum. Nøkkelen var så spesiell at det vart brukt som logo/heading for boka «Fra de første fotefar- Sunnmøres forhistorie»

– Nøkkelen har stor historisk verdi, i tillegg til at den hadde store kunstariske kvalitetar. Den var truleg heimesmidd, og vart bore av kvinna på garden, som eit teikn på posisjon og makt, fortel Lars Ørstavik.

Eit beslag som vart funne på Osborg er og mellom dei sakna oldsakene. Beslaget er datert til ca. år 800, og er keltisk, så det kjem truleg frå eit vikingtokt.

– Alt tyder på at beslaget vart tatt under eitt av dei første vikingtokta frå Norge, anten ein stad i Irland, eller i Ioha på Indre Hebridane, der det var eit mektig kloster, seier Lars Ørstavik.

Professor Liv Helga Dommasnes ved Bergen Universitetsmuseum omtalar tjuveriet av om lag 300 gjenstandar som «katastrofalt»

– Mange av dei forsvunne gjenstandane var pakka ned etter ei utstilling om vikingtida, som vi har hatt i våre lokale. Og det seier seg sjølv at vi gjerne stiller ut dei beste tinga, seier Dommasnes.

Bilete av 86 av gjenstandane er lagt ut på Facebook.

– Vi vil også leggje ut bileta av dei andre, men det tar tid å få oversikt over kva som er vekke. Det er viktig at det vert kjent kva som er på avvegar, seier ho.