– Saka handlar om at Skattedirektoratet og Finansdepartementet har ei tolking som ikkje lenger samsvarar med intensjonen i lova for momskompensasjon innanfor rus og psykisk teneste, seier ordførar Jørgen Amdam i Volda.

Konkret gjeld dette oppføring av og vedlikehald av bustader innan rus og psykiatri. Volda kommune, til liks med Søre Sunnmøre kommunerevisjon, meiner slike bustader vert omfatta av ordninga av momskompensasjon.

Skattedirektoratet og Finansdepartementet meiner at dette er oppgåver og tenester som kan verte utført av private, og dermed ikkje kjem inn under ordninga med momskompensasjon.

– Tenestene har utvikla seg og statsbyråkratane heng ikkje med. Dette kostar kommunesektoren tapte inntekter, og på landsbasis er dette kanskje snakk om mange hundre millionar kroner. For Volda kan dette konkret dreie seg om ca. seks millionar i tapt momskompensasjon på prosjekt under bygging og planlegging, i tillegg til eit årleg tap på om lag kr 300.000 kroner, seier Amdam.

Han fortel at det over ein periode har vore ein kommunikasjon mellom Søre Sunnmøre Kommunerevisjon, KS og Finansdepartementet/Skattedirektoratet

Vidare peikar han på at også Stortinget har bedt om at tolkingspraksisen vert gjennomgått, jfr anmodningsforslag som er ein del av semja om revidert nasjonalbudsjett 2017 mellom Høyre, Framstegspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre.

– Føremålet med meirverdiavgiftskompensasjonen er å nøytralisere meirverdiavgifta når kommunane står overfor valet mellom å utføre tenesta med eigne tilsette eller å kjøpe tilsvarande frå andre aktørar. Finansdepartementet og Skattedirektoratet tolkar utleige og teneste i rus- og psykiatribustader som område der ein kan bruke private. Det er berre det at då har ein ikkje fått med seg at dette er eit tenesteområde som inngår i lova sin intensjon med kompensasjonsordninga, seier Amdam.

Han peikar på at kommunane har eit ansvar for å leggje til rette for busetting av personar som grunna rusmisbruk, psykiske lidingar eller andre belastningar har problem med å få innpass i ein privat bustadmarknad.

– Det er ikkje unormalt at kommunane må gjennomføre ei full oppussing av bustader som har vore brukt av personar med denne type utfordringar. Volda har for sin del erfaringar med store skader på enkeltbustader. Administrasjonen i Finansdepartementet burde ikkje bruke lang tid på å klargjere overfor Skattedirektoratet at dei må endre tolkinga i samsvar med intensjonen i lova, seier Amdam.

Han meiner spørsmålet er om dei vil gjere dette og la kommunane tape store inntekter som kunne gått til velferd av kommunen sine innbyggjarar i staden for å gå statskassa.

– Som ordførar har eg lita tru på at Finansdepartementet vil følgje opp dette raskt, og om dei i det heile teke vil gjere det. Då er spørsmålet om vi har ein handlekraftig statsminister eller finansminister som evnar å skjere gjennom overfor eit tregt og kanskje uvillig statsbyråkrati, seier Amdam.

Han vil utfordre statsminister Erna Solberg på dette.