Måndag vart det oppdaga at det hadde vore innbrot på De kulturhistoriske samlinger ved Universitetet i Bergen. Tjuvane har teke med seg gjenstandar frå jarnalder-, folkevandrings- og vikingtidssamlingane. Liv Helga Dommasnes ved Universitetsmuseet i Bergen seier til Sunnmørsposten at " funn frå Bjørke er blant gjenstandane som er stolne".

Bjørke-funn

Ein av det sakna gjenstandane er eit angelsaksisk bronsebeslag på 7,1 ganger 7,2 centimeter, som vart funne på Leikvollen på Bjørke i 1932, i området der Kyrkja står. Beslaget er datert til frå før år 800, og er dermed svært interessessant for historikarane.

–Mykje tyder på at beslaget kjem frå det som vert rekna for det første vikingtoktet i Storbritannia, åtaket mot klosteret i Lindisfarne i 793, seier Lars Ørstavik.

Lindisfarne-toktet

Han har skrive om vikingfunnet på Bjørke boka om Indre Hjørundfjord si forhistorie, som kom ut i 2015. Ørstavik meiner at vikingar frå Bjørke var med på det første store vikingtoktet frå Norge til Storbritannia.

–Beslaget er datert til å vere frå før år 800, og då er det berre tre norske vikingtokt som er aktuelle. Av desse er Lindisfarne det mest sannsynlege av ulike grunnar, seier Ørstavik.

Dette er dette som gjer det stolne beslaget til ein svært verdifull historisk dokumentasjon.

–Den historiske verdien er uvurderleg, men det er ikkje muleg å seie noko om den økonomiske verdien, seier Ørstavik.

–Eit av dei viktigaste

Det er gjort fleire funn frå vikingtida i Hjørundefjorden, mellom anna på Standal. Ørstavik er ikkje tvil om at det stolne beslaget er den viktigaste gjenstanden i desse funna.

–Det er ein svært viktig historisk dokumentasjon. Kanskje eit av dei viktigaste funna vi har frå heile Vestlandet når det gjeld den tidlege vikingtida, seier Ørstavik.

Stormenn på Bjørke

Då boka om Indre Hjørundfjord si forhistorie vart presentert sa historie-professor Bergljot Solberg at det er dokumentert at Bjørke var eit «stormann»-sete.– Det er ikkje så overraskande, for bygda ligg strategisk plassert i ferdselsåra mellom kysten og innlandet. Då var det viktig å ha kontroll, sa Solberg.