– Kven kan vite noko om denne øksa?, spurde Per Ludvik Sandnes i Møre-Nytt i førre veke. Han kom over den spesielle flintøksa under rydding på klubbhuset til Ørsta Idrettslag, som snart skal rivast.

Har svaret

Einar Myrold meiner han har svaret.

– Då eg såg denne biletet av øksa tenkte eg at det var den vi fekk då vi var i Danmark, fortel Einar Myrold.

Myrold, som seinare vart ein stjernespelar på Ørsta sitt fotballlag, var i tidleg ungdom aktiv turnar, i gruppa som vart drive av Trygve "Sjoppa" Ørstavik og Jarle Nerbøvik.

På Danmark-tur

Eit høgdepunkt i turnkarrieren til Einar var då turngruppa reise på tur til Ørsta si vennskapskommune Møn i Danmark.

– Dette var ein gong tidleg på 70-talet. Vi var der ei heil veke og vart innkvartert hos ulike familiar. Vi hadde oppvisningar både i Danmark og Sverige, og vi fekk enne øksa i gåve, saman med nokre andre ting,meiner Myrold å hugse.

Vekkgøymd

Lenge låg den saman med premiane til Ørsta Idrettslag, som var utstilte i foajeen i Idrettshallen.

– Då klubbhuset kom vart alt flytta dit, og i denne flyttesjauen har truleg denne øksa blit attgløymd eller lagt vekk ein eller annan plass, seier Einar Myrold.

Ørstavik stadfester

Møre-Nytt har også fått ei stadfesting frå Trygve Ørstavik på at øksa vart gitt i gåve til turngruppa i Ørsta frå turnarar frå vennskapskommuna Møn i Danmark. Men i følge Ørstavik vart gåva overrekt då danskane var i Ørsta. Seinare reiste turngruppa frå Ørsta til Møn.

Einar Myrold, tidlegare både fotballspelar og turnar i Ørsta Idrettslag Foto: Svein Aam