Det seier lensmann Guttorm Hagen. Onsdag møtte han kommuneleiinga i Ørsta for å diskutere flaumfaren i Ørsta. Initiativet til møtet kom frå ordførar Stein Aam. Han er skremd etter flaumen i Utvik tidlegare i sommar, og også av flaumen i Barstadvik i august i fjor.

Kunne ha teke busetnad

– Då snakka vi om tilfeldigheiter som gjorde at elva ikkje tok nytt løp, og tok busetnaden frå Barstad og nedover i bygda. Det er vanskeleg å sjå dette på film og bilete. De skulle ha vore der, og sett dei enorme kreftene som var i sving, sa Aam på møtet.

Lensmannen har gjennom oppgåva som skjønnsmann etter naturskade fått oversyn over kvar det er flaumfare i kommunen. Under møtet ramsa han opp fleire elvar som med styrtregn og store nedbørsmengder kan utgjere ein stor flaumfare.

– Kommunen må sjå på Vikeelva, og kva som der kan gjerast. Det er mykje lausmasse i elva, og når det no skal i gang eit arbeid med sikring mot snøskred, må vi ha to tankar i hovudet samstundes, både snøskredsikring og flaumsikring. Det må kome eit massebasseng ovanfor Vikemarka skule som kan samle lausmasse, og vidare må det til skogrydding langs elva, som også er eit skogeigaransvar, sa Hagen.

Liadal

Vidare peikte han på Liadal, der det var storflaum i 2003. Sjølv om der er gjennomført førebyggingstiltak i ettertid, meiner lensmannen at det framleis er stor flaumfare ved styrtregn. Årsaka er lausmassar i elva lenger oppe i dalen.

– Også her må det verte vurdert eit massebasseng, sa Hagen.

Han meiner at det må gjennomførast flaumfarevurderingar i mange andre vassdrag. Det gjeld Storelva på Vartdal, Storelva i Barstadvik, elva på Nordre Vartdal, elva i Mosdalen, Bondalselva, Follestaddalselva og elva på Ytre Standal.

Kommunen sjølv har i tillegg definert Osskarselva ved Rystefeltet til å ha potensiell flaumfare, og ordførar Stein Aam påpeikte også at fleire mindre bekker utgjer stor fare.

– Det gjeld til dømes elva som kjem ned frå Bondalseidet forbi Hovdenakken. Med den utbygginga og kanaliseringa som der har vore, har bekken fått mykje større fart. Og slike småelvar er det fleire av, og dei bør verte kartlagde, seier Aam.

På møtet vart det semje om å kontakte fagmynde, NVE, for å få utført ei kartlegging og ei prioritering av tiltak. Men ordføraren og rådmannen er klare over at dette også er eit økonomisk spørsmål.

Kostbart

– Vi skal no i gang med økonomiplanarbeidet, og det er naturleg at flaumsikring vert vurdert blant tiltaka der, seier ordføraren.

– Det er likevel avgrensa kva ressursar Ørsta kommune kan setje inn i eit slikt arbeid, og då tenkjer eg både menneskelege ressursar og økonomiske ressursar, sa rådmann Wenche Solheim.

Ho, og fleire med henne, påpeikte at flaumsikring også er eit grunneigaransvar. Det handlar mykje om å sjå til at elva og elvebardane er frie for tre som har vorte ført ned med elva, og som igjen kan vere eit potensiell skadefare.

Til stades på møtet var også kommunelege Arne Gotteberg og leiar for Ørsta Røde Kors, Helge Vatne. Begge påpeikte at dei representerte etatar/organisasjonar som må vere budd og til stades når ein situasjon oppstår.

– Og med auka nedbørsmengder, er eg overtydd om at det handlar om når og ikkje viss. Vi måte syte for at beredskapsplanane våre er oppdaterte, sa Gotteberg.

Åtvarar: Lensmann Guttorm Hagen åtvarar mot skadepotensiale frå fleire vassdrag i Ørsta. Foto: Rune Sæbønes
I forkant: Kommuneleiinga ynskjer å vere i forkant av eventuelle flaumkatastrofar, og møtte onsdag lensmann Guttorm Hagen for å få ei orientering om farlege punkt. Foto: Rune Sæbønes