I første omgang opplevde Åmdal å verte springande i mellom dei unge og løpssterke Hødd-spelarane.

Åmdal sleit med å få til spelet, og det var Hødd3 som var best.

Tidleg i andre omgang tok Hødd3 også leiinga ved Jakob Sætrenes. Men det vart ein vekkjar for Åmdal.

– Etter den skåringa tok vi heilt over, og vart det klart beste laget, seier trenar Andre Dvergsdal.

Tjue minutt ut i omgangen utlikna Terje Rebbestad for Åmdal, før Jan-Ove Steinnes gav laget leiinga då det stod att eit kvarter av kampen.

Og då Terje Rebbestad skåra sitt andre mål for dagen, og gav Åmdal 3–1-leiing, var kampen i realiteten avgjort. Då stod det att sju minutt av kampen.

Hødd3 fekk eit mål eitt minutt før full tid, men trenar Dvergsdal fortel at laget hadde kontroll.

– Det vi må arbeide med, er å kome i skikkeleg i gang når kampen startar, seier Dvergsdal.

Rune Sæbønes