Ørsta Andelsgard arrangerer open dag komande søndag.

Ørsta Andelsgard i Follestaddalen er inne i sitt andre driftsår, og inviterer no publikum til å sjå på gardsdrifta.

– Vi ynskjer ikkje berre å vise fram vår eigen matproduksjon, men og andre matprodusenter, organisasjonar innen mat og landbruk, miljø og rettferd, fortel Lillian Auflem Øye hos Ørsta andelsgard.

Andelsgarden inviterer difor folk til å ha stand under open dag, der dei kan presentere produkt dei har.

– Det er gratis både for deltakarar og besøkande, poengterer Auflem Øye.

Som trekkplaster for besøkande, vil andelsgarden i tillegg til standar og omvising i grønnsakshagen, ha barneriding, tombola, matsal, klapping av flaskelam og kurs om kvelden med Benjamin Bro-Jørgensen om fleirårige matvekster.