Det er Ørsta kommune som er tiltakshavar for prosjektet, og det er Asplan Viak som er ansvarleg søkjar.

Den nye Utstillingsplassen vert plassert på eit område søraust for Ørsta eldhus.

I godkjenninga viser einingsleiar Kåre Hjelle til at det i nabomerknadene har kome fram uro over auka trafikk i området. Det har vorte stilt spørsmål til tryggleiken i området grunna denne auka trafikkmengda.

– Kommunen viser til at Mosflatevegen er tilkomstveg til idrettsområdet. Reguleringsplanen legg opp til ei slik trafikkbelastning, og tiltaket som det er søkt om no, vil ikkje gje større trafikkbelastning enn det som det var lagt opp til i utgangspunktet, heiter det frå kommunen.

I nabomerknadene har det dessutan kome synspunkt om bruken av Mosvegen som ein snarveg til idrettsrområdet. Det er ein veg som er smal og i dårleg stand. Vidare har det i merknadene vorte påpeika at gangbrua over Rossåa til Mosflata vert nytta av bilar og mopedar.

– Bruken av Mosvegen er utanfor bygningsmynde sin kontroll. Siste del av vegen som fører til idrettsrområdet er privat, og det er vegeigaren som må handtere eventuell uønskt bruk av vegen, kommenterer Hjelle.

I nabomerknadene har det også kome innspel om meir støy, og det er bedt om at støyskjerming vert vurdert om det vert ein auke i trafikken.

– Kommunen viser til at tiltaket ligg om lag 120 meter unna næraste bebygde eigedom. Støy frå den aktiviteten som tiltaket skal leggje til rette for, kan ikkje overskride krava i byggteknisk forskrift. Når det gjeld støy som følgje av trafikk forbi busetnaden, vert det vist til at bygningane er oppførte i ei tid der dei skal kunne møte støykrav frå vegen. Då bygningane vart oppførte, var vegen forbi eigedommane allereie regulert. Kommunen legg difor til grunn at eigedommane skal vere avklara i høve støy, kommenterer Hjelle.

Det vert til sist vist til at bebuarane i Anderstunet har bedt om eit møte. Men kommunen kan ikkje føre drøftingar med naboar/gjenbuarar som ein del av sakshandsaminga, vert det understreka.

– Kommunen finn ikkje grunnlag for å krevje endringar i tiltaket ut ifrå nabomerknadene, vert det konkludert med.