Det seier Eirik Hoem. Då han i fjor haust flytta tilbake til Ørsta etter ti år i Oslo, ynskte han å halde fram med ølbrygging som hobby, og ikkje berre det, men å kunne samlast med likesinna, og diskutere og utveksle kunnskap om ølbrygging.

På vel eitt år har han greidd å samle ein gjeng som har eit stort engasjement for ølbrygging, og laurdag vart den fyrste Ørsta/Volda ølbryggjarfestival arrangert på Åmdal ungdomshus.

Det var eit treff for dei som på førehand hadde registrert seg på festivalen si Facebook-side, og Hoem var overraska over oppslutnaden.

25 ølsortar

– Her er sytten ølbryggjarar som stiller med smaksprøver, og med til saman tjuefem ølsortar, fortel Hoem. I tillegg kom dei som førebels ikkje bryggjar sjølv, men som har stor interesse for heimelaga øl, slik at vel femti ølkjennarar var samla på Åmdal ungdomshus.

Heimebrygging av øl har skote fart i Noreg det siste tiåret.

– Det er ei bølgje som starta i USA på 1990-talet, då folk såg at det vart stadig færre mindre bryggjeri, og at dei store tok heilt over. Då vart det starta ei rørsle der folk bryggja øl heime. Utstyr og kunnskap vart utvikla, og på 2000-talet nådde denne bølgja Noreg, fortel Hoem.

Han var med i eit slik miljø i Oslo, og ynskte å vidareføre dette då han kom tilbake til Ørsta.

– Vi vart raskt ein gjeng som starta med faste møtedagar på Norrøna Pub. Vi fann etter kvart ut at vi måtte arrangere noko sjølve, slik at vi fekk smake på ølet til kvarandre, og ikkje berre prate om korleis vi bryggja, fortel Hoem.

Og dermed var det laurdag klart for den fyrste ølbryggjarfestivalen. Sytten bryggjarar hadde altså med seg smaksprøver, og ølet vart testa grundig.

– Vi har to konkurransar gåande. Den eine er ein smakstest alle deltakarane her er med på. Dei skal velje ut dei tre beste. Dessutan har vi også profesjonelle øltestarar frå Norbrygg til stades, og som testar ølet på vitskapleg vis, fortel Hoem.

Han håper det vert fleire slik treff som laurdag, kanskje allereie i samband med brygginga til jul.

Smakar: Svein Robert Heltne (t.v.), Bjørn Erik Nesset og Frank Vatne testar ut ølet. Foto: Rune Sæbønes