Banken fekk eit overskot (resultat) på 57,8 millionar kroner første halvår, mot 47 millionar same periode i fjor. Banken leverer eit godt resultat, sjølv om det er tatt nokre millionar i tap, først og fremst på hotellet i Ørsta.

–Bankdrifta går godt, men vi har brukt ein god del pengar på å rydde opp i gammal moro. Vår bodskap er at vi har god, solid utvikling. Banken går godt, seier administrerande direktør Stig Brautaset i Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Greie tider

Medan det framleis er krevjande tider for den maritime industrien i banken sitt nye dekningsområde i på ytre søre Sunnmøre, er det «business as usual» i Ørsta/Volda.

–Dei mange småbedriftene, og dei store, klarer seg godt. Eg ser ingen spesielle skyer på himmelen. Arbeidsløysa er låg, så folk har jobb og kan betjene sine lån, seier Brautaset.

Vekst

Men det er i ytre strok at banken satsar på vekst. Innskotsveksten i dei siste 12 månander er på 6,5 prosent. Innskotsdekning har no auka til 82 prosent mot 79,3 prosent  siste halvår i fjor.

– Dette viser at vi har gode vilkår på våre innskot og at kundar flytter midlar til vår bank, kommenterer Stig Brautaset.

Trass i gode resultat skal banken effektivisere drifta.  Sju av dei åtte tilsette over 62 år i banken har sagt ja til førtidspensjonering.

Slepp inn nye eigarar

Det store nye for banken no er ein emisjon, med sal av grunnfondsbevis for opp til 100 millionar kroner. Dette gir dei nye eigarane kontroll over 10 prosent av banken, som til no har vore 100 prosent eigd av innskytarane.

Emisjonen betyr at små og store investorar kan kjøpe ein eigardel i banken, og få del i utbyte, akkurat som ein aksje. Teikningsperioden vert 4.- 18. september. Det har alt kome garantiar for sal av grunnfondbevis på 50 millionar kroner.

–Dette er i stor grad lokale selskap og privatpersonar. Og det er slike nye medeigarar vi vil ha. Vi ønskjer å vere ein lokal og sjølvstendig bank, seier Stig Brautaset.

Den viktigaste årsaka til at banken opnar opp for grunnfondbevis er at kjernekapitalen skal styrkjast.

– Vi vil vere solide nok, med god margin, i forhold til krava frå styresmaktene, seier Brautaset.