Det rare med kampen var at alle måla kom i fyrste omgang.

Sæbø opna forrykande, og allereie etter to minutt var det 1– 0. Målet vart signer Marius Riise, som fekk pasninga frå broren Mats.

Fire minutt seinare vart det 2–0. Då var det Terje Haugen Øye som skåra for Sæbø etter at Marius Riise var nest siste mann.

Etter tolv minutt vart det 3–0. Det var eit sjølvmål, og Ronnie Andre Furset ordna 4–0 etter seksten minutt.

Fossa fram

Sæbø fossa fram, og var hypereffektive, og etter tjue minutt stod det 5–0. Då var det Terje Haugen Øye som skåra etter assist frå Marius Riise.

Haugen Øye ordna 6–0 etter halvtimen. Då var det rekkjekamerat Ronnie Andre Furset som var nest siste mann på ballen.

Fem minutt før pause vart det 7–0. Marius Riise skåra, og det kom sjølvsagt etter førearbeid av Mats Riise.

7–0 vart altså pauseresultatet, og publikum forventa fleire mål i andre omgang. Dei kom ikkje. Resultatet heldt seg, men likevel ein tilsynelatande komfortabel siger for Sæbø.

Jaktar Åmdal

Med sigeren er Sæbø fire poeng bak tabelltopp Åmdal, med ein kamp mindre spelt. Mykle tyder på at kampen om sigeren i sjettedivisjonsavdelinga vil stå mellom desse to laga.