– Rett nok er det ikkje alle som vil vere fysisk til stades ved høgskulen. Nokre tek undervisninga utelukkande over nettet, medan andre er her berre nokre få gonger, men det er eit faktum at aldri tidlegare har så mange meldt at dei vil studere i Volda, seier rektor Johann Roppen til Møre-Nytt.

Kan bilkke 4.000

Spenningsmomentet dei komande vekene er kor høgt det faktiske talet vert. Det er mogleg at det endelege talet vil bikke 4.000. I så fall vert det for fyrste gong.

– Det veit vi fyrst når semesteravgifta er betalt, og her er fristen 1. september, seier Roppen.

Samstundes som studenttalet har auka mykje dei seinare åra, har ikkje presset på studenthyblar auka så mykje. Ikkje før i år.

Pendlar

– Etter at Eiksundsambandet og Kvivsvegen kom, har vi opplevd at stadig fleire studentar dagpendlar. Men i år har Studentsamskipnaden opplevd eit større press enn tidlegare. Det har ikkje vorte bygt nye studenthyblar på kring femten år. Og i år er det fullteikna. Det er eit teikn på at fleire studentar enn tidlegare fysisk vil vere til stades i Volda under semesteret, fortel Roppen.

Sjølv om det knapt er ein ledig studenthybel i samskipnaden sin regi att, seier Roppen at alle skal få husrom. Noko kan verte ordna provisorisk, før det vert funne meir permanente bustader på den private marknaden.

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen Foto: Rune Sæbønes