– I utgangspunktet er vi positive til nye moglegheiter og aktivitetar i bygda vår, som er i vekst. Her er mange unge og vaksne som kjem til å ha nytte av fleirbrukshallen og aktivitetane i området. Vi stiller likevel spørsmål ved sikkerheita, då Mosflatevegen vert den nye tilkomstvegen. Vegen ligg tett inntil bustadene våre. I dag er vi vitne til det vi kallar «tullekøyring» av mopedar og bilar til alle døgnets tider, står det i brevet til Ørsta kommune, signert av sju oppsitjarar i området.

Gangbrua

Dei fortel at både mopedar og bilar også nyttar gangbrua frå utstillingsplassen og over elva til Mosflata, i svært stor fart. Dei har også observert mopedar og bilar som køyrer frå brua og på stien mellom eldhuset og markane.

– Dessverre i stor fart forbi husa våre. Her må det kome skilt snarast, før det skjer ei ulykke. Vi har ingen å miste. Det er realistisk å tenke at denne trafikken vil auke i framtida, og vi vert naturlegvis uroa. Det vert større køyretøy og mykje meir tungtrafikk.

Dei fortel at dei i eit nabovarsel har fått beskjed om at ny utstillingsplass/grusbane på Mosflata vil verte nytta til m.a. messer og andre aktivitetar.

– Då kjem det store lastebilar med utstyr til eksempelvis sirkus og tivoli, og dette vil vere parkeringsplass til store arrangement. Kva med sikkerheita til barn og unge som bur og oppheld seg i området? Kva gjer all trafikkstøyen med trivselen vår? spør dei.

Møte

Dei festar sin lit til ei rundkøyring dei har sett teikna inn i planane, og seier at dei ønskjer meir informasjon om denne. Rundkøyringa endar i krysset der Mosflatevegen og Mosvegen møtast i dag.

– Dette ser vi på som ei svært positiv løysing, då trafikken ikkje passerer husa våre, og dermed kan vi oppretthalde trivsel og tryggleik. På kartet er det også teikna inn støyvollar, noko vi også er positive til.

Oppsitjarane bed om eit møte med kommunen der dei ønskjer å kome fram til løysingar som er tenlege for alle partar.

– Vi er, som nemnt, svært positive til utvikling av området, men ønskjer å behalde ein trygg og fredeleg heim.