Torgrim Holte frå Volda er alt anna enn ein typisk, traust sunnmøring: Illusjonisten, hypnotisøren og enterteinaren har jobba med Robbie Williams og hypnotisert kongefamilien i Saudi-Arabia. I Sveits vart han promotert saman med George Clooney, J. Lo og Brad Pitt. Holte har vore nominert til Gullrosen i Montreux og har hatt liveshow på Broadway i New York. I Tyrkia hadde han eige TV-show som gjekk over fleire sesongar.

Vi kan leggje til at han også er dykkarinstruktør og eldsjel for å skaffe spanjolane raskare internett. Og at femtiåringen er medeigar i eit selskap som mellom anna jaktar på folk som er kidnappa.

Spania

Du må reise til Spania for å finne denne fargerike mannen som gjer det han drøymer om, og som har lukkast, sjølv om han har fått døra i fleisen nokre gonger. I Alfaz del Pi, ein kommune på Costa Blanca-kysten i Spania, ein halvtimes biltur frå provinsen Alicante, eit eldorado for nordmenn, ikkje minst solglade sunnmøringar, bur Torgrim Holte komfortabelt. Og der har han halde til i seks år i eige hus. Då vi når han på telefon, sit Holte på ei heit badestrand og ventar på at nok ein flokk som tek dykkarsertifikat, skal gå i land.

– Det er 35 grader her no, og nesten på grensa, sveittar Holte som har den høgste dykkarutdanninga i Scandinavia, og som er regionsjef for eit dykkarfirma som har sertifisert fleire tusen til dykkarsertifikat.

Men det var ikkje dykking som drog han til den svale spanskekysten. Holte har til liks med folk flest hatt sine opp- og nedturar. For ni år sidan var han gjennom eit samlivsbrot. Han fekk etter kvart behov for endringar, ville vekk, og på finn.no fann han huset i Spania, heilt tilfeldig.

– Eg hadde ingen plan, men då eg såg huset tenkte eg at DER vil eg bu. Eg var sliten av å vere offentleg og eit kjent andlet, og ville flytte til plass der ingen kjende meg.

Huset vart kjøpt i rakettfart, og i dag angrar Torgrim ikkje. Han bur aleine, kallar seg frilans i kjærleikslivet, ein evig forelska romantikar. Ein følsam alfahann med drag på damene.

– Du veit det med damer. Til eldre ein vert til særare vert ein. Eg trivst med å bu aleine.

Å klage over den spanske kvardagen, det gjer han ikkje.

– Nei, kva kan eg klage på? Eg bur på ein plass med godt klima, her er sol og sommar det meste av året. Her er trivelege folk. Og for ein sunnmøring er jo prisane på mat og drikke særs hyggjelege. Her bur også 20.000 nordmenn i dette området, og «Torvikja» er ikkje langt unna. Så eg kan absolutt føle meg som i Volda, og har eit fjell her som eg kallar Rotsethornet, sjølv om her neppe er raspeball på restaurantane, fortel Holte.

Mange veit at han likar å stå på ei scene. Andre året i Alfaz del Pi heldt han 17. mai-tale for 4.000 nordmenn, ei ny og givande oppleving.

Kjend i verda

Torgrim Holte er i store delar av verda kjend som hypnotisør. Og framleis reiser han rundt med hypnoseshowa sine. I fjor reiste han mykje i Asia, og han var ein månad på Bali. Torgrim hadde i mange år også hatt program på TV, både i Tyrkia, Arabia og Noreg. I dag handlar det mykje om oppdrag for bedriftsmarknaden.

I 2001 var han hypnotisør og programleiar for «Hjelp, jeg er hypnotisert» på TV 2, og hausten 2002 var han tilbake med eit nytt hypnoseprogram, «Over grensen», som gjekk på same kanal.

– Det var tilfeldig at det vart hypnose. Far min kjøpte ei bok om dette, og eg ville finne ut om det verkeleg fungerte. Etter eit par år prøvde eg ut hypnose på ein kompis. Han vart hypnotisert, men eg hadde ikkje lært korleis eg skulle vekke han, så eg kasta eit glas vatn i andletet hans, humrar Holte.

Sidan har han gjort stor suksess i mange land som underhaldar. Holte har vore i 64 land og 690 byar med show og opptrednar, og i mange land vert han hylla som ei stor tv-stjerne.

Showa er humoristiske, men Holte er slett ikkje berre ein hypnose-klovn. Han held røykeslutt-kurs og har hatt seriøse hypnoseoppdrag for sterkt råka krigsoffer i Afghanistan. Holte held også foredrag om å tore å leve og å leite fram talenta i folk. Og i tillegg til humorboka «Sunnmørsalpane sett nedanfrå», som han skriv saman med to kompisar, skriv han også på ei bok om menneske i krise der han stiller spørsmålet: kvifor kjem nokre som har vore i djupe kriser seg på føtene, og kvifor kjem andre seg ikkje opp att? Holte opplevde sjølv si største livskrise då han som nybakt far miste eit prematurt barn. Holte klarte å kome seg på føtene, men hendinga har sett varige spor.

– Eg er ofte i kontakt med mange som ikkje kjem seg vidare i liva sine fordi dei dyrkar smerta. For meg starta dette med at eg møtte ein person i djup krise, ein person som var så fortvila at utvegen var å ta livet sitt. Eg føler at eg kan gi folk noko, eg ønskjer i alle fall å hjelpe, slik at folk kan vere meir til stades i liva sine. Eg brenn verkeleg for dette, å vere eit best mogleg medmenneske. Seinare år har eg vorte veldig fascinert av taoismen og meditasjon. I Thailand fekk eg lov til å vere munk ein heil månad. Det gav meg mykje, og eg lærte om det å ta inn ein parallel dimensjon som handlar om å vere god mot andre som ei grunnhandling i kvardagen. Det vil ein kome langt med. Eg trur på det gode i menneska. Å lære at der er ein parallel dimensjon, og at vi kan vere ei betre utgåve av oss sjølve.

Kidnapping

Torgrim Holte driv også «hjelpearbeid» gjennom eit selskap som hjelper folk på ulike måtar, t.d.etter dramatiske kidnappingar. Han er medeigar i eit selskap som i fjor fekk eit oppdrag som gav nokså stor merksemd. Med Holte som aksjonsleiar skulle dei finne att ein ti år gammal norsk gut som vart kidnappa av mora i Alfaz del Pi.

– Elleve mann leita døgnet rundt i ni dagar både med elektronisk, visuell og juridisk overvaking. Til slutt fann vi att guten i Belgia og fekk han tilbake til Spania. Og det enda bra. Det er jo det som gir meining med livet, å hjelpe andre.

Sjølv om Torgrim Holte ikkje har nokon planar om å flytte tilbake til Volda, vil han gjerne ha eit hypnoseshow i bygda, og å reise på turne i Noreg.

– Det hadde vore moro å hypnotisere nokre lokale heltar, absolutt, seier den utvandra magiske voldingen med eit stort smil.